Hopp til innhold

Håper eselet Katrine skal lokke fleire til kyrkja

Besøket på julaftan er halvert under koronaen. Ved Hoff kyrkje i Østre Toten går dei nye vegar for å få folk til kyrkja.

Gudstjeneste i Hoff kirke med levende dyr julaften.

DYRA OG PRESTANE: Presteekteparet Christina Stokstad Grevbo og Eystein Elde synest dyr skaper ei fin atmosfære når dei skal fortelje historia om Jesusbarnet.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Presteekteparet Eystein Elde og Christina Stokstad Grevbo er opptatt av at kyrkja skal gje eit godt tilbod til alle som vil kome i julestemning, sjølv om ingen kyrkjer kan ha meir enn 50 gjester samtidig.

Men utandørs er det lov å samle 100.

Det skal dei utnytte ved Hoff kyrkje i Østre Toten. Og dei har eit ess i ermet.

Kreative løysingar

Det unge presteparet på Toten er overtydde om at kyrkja må stå på for å halde på folk.

Derfor har dei gått kreativt til verks, og har laga ei gudsteneste med blant anna levande dyr til sjølvaste julaftan.

Ei heil Betlehemsmark har dei laga. Med stall, Maria og Josef og hyrdane. Og eselet Kathrine får følge av nokre sauar - også dei er sjølvgåande. Alt skal gå føre seg tett på der kyrkjelyden står.

– Dei som kjem skal få oppleve det enkle, det nære og det ekte, det som er sjølve grunnlaget i juleforteljinga om det vesle barnet som vart fødd i ein stall.

Gudstjeneste i Hoff kirke med levende dyr julaften.

RIGGING: Kyrkjetenar Siv Lønhaug riggar lys til Betlehemsmarken utanfor Hoff kyrkje. Sokneprest Eystein Eldre hjelper til.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Nok digitalt

I starten av nedstenginga oppførte kyrkja seg som andre kulturinstitusjonar, og sto på for å tilby opplevingar digitalt. Eystein Elde har fått meir enn nok av det.

– Er vi ikkje ferdige med det nå? Kven orkar å sitte å sjå på ei digital gudsteneste ein time? Vi må la folk kjenne seg inkludert, sjølv om det er ute, med ein meters avstand og med munnbind og topplue ein kald julekveld.

Elde har ei bekymring for kva koronaen har gjort med kyrkjevanane til folk, men meiner det er for tidleg å konkludere.

Gudstjeneste i Hoff kirke med levende dyr julaften.

KREATIVT: Eystein Elde, Christina Stokstad Grevbo og kyrkjetenar Siv Lønhaug riggar til ei annleis julegudsteneste.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Nedgang i kyrkjebesøket

Den norske kyrkja har i overkant av 3,5 millionar medlemmar, det er 68 prosent av befolkninga. Dei siste tre åra har det vorte 86.000 færre.

Besøket til gudstenestene er halvert og vel så det, ikkje rart, sidan kyrkjene var stengt i lang tid.

Julekvelden har vore kvelden da «folk flest» har gått i kyrkja. Men frå jula 2019 til koronaåret 2020, var og besøket i kyrkja julekvelden omtrent halvert i Hamar bispedøme. Mange valde det bort av smittefrykt og plassbegrensingar.

Det er noko det unge presteparet kjenner på.

– Men ansvaret ligg på oss, seier Christina Stokstad Grevbo, som vil strekke seg langt for å gje folk gode opplevingar julekvelden.

I hennar kyrkje skal ein operasongar heisast opp i ei kran – og vere engelen som kjem med julebodskapen!

  • Meiner det er på tide å skrote tradisjonen med skolegudstjeneste:

Tryggleik først

Biskopen i Hamar, Solveig Fiske, er imponert over prestane på Toten, som står på for å gje folk som ønskjer det den gode julestemninga – trass i at det er set grenser.

Ho presiserer at det viktigaste nå er at alt skjer innanfor smittevernreglar, for det skaper tryggleik.

Gudstjeneste i Hoff kirke med levende dyr julaften. Solveig Fiske.

TRYGGLEIK FØRST: Hamar-biskop Solveig Fiske vil at folk skal kjenne seg trygge i kyrkja, da er smittevernreglane heilt avgjerande.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Men vi er glade for at det no er opna slik at vi kan tilby folk møteplassar inn i julehelga. Dei som er aleine må vite at det er ein stad som er open for alle, i julehelga – og alle andre helger.

Det er stor variasjon i korleis kyrkjene rundt i landet organiserer julegudsteneste. Dei fleste har påmelding. Andre stader kan folk bere møte opp.

Sjølv skal biskop Solveig Fiske ha gudsteneste i Hamar Domkirke 1. juledag.

– Der er det ikkje fullt, det er framleis mogleg å melde seg på.

Flere saker fra Innlandet