Torsdag 2. september kom regjeringa med beskjeden om at ungdommar frå 12 til 15 år kunne få tilbodet om ei vaksinedose mot korona. På Øyer ungdomsskole følgde dei det opp allereie veka etter.
– Eg er litt nervøs, for eg likar ikkje vaksinar, men eg trur nok det kjem til å gå bra, seier Elise frå 8b.
Ho står saman med eit par klassekameratar og ventar på å bli vaksinert. Alle saman er litt nervøse.
– Det er litt rart å skulle ta vaksine. Eg er ikkje ein som er glad i sprøyter så det er ikkje så gøy, seier Eiril (13).
GJER SEG KLAR: Eiril veit godt kva arm ho skal ha vaksinen i.
Foto: Åshild Slåen / NRK- Mange er fullvaksinert no. I Elverum hadde dei ein fest med mannskor og Nakstad då siste personen over 18 fekk andre dose.
Det er vanskeleg å setje fingeren på kvifor dei er nervøse, men dei gler seg i alle fall ikkje til sjølve stikket.
– Eg er litt usikker, for eg er redd for at det skal gjere vondt, seier Anja.
KAN GJERE VONDT: Anja førebur seg ved å sjå vekk frå sprøyta.
Foto: Åshild Slåen / NRKGode tips mot sprøytestikk
Jentene er ikkje åleine om å vegre seg for sprøytestikk. Dei fleste barn er redde for nåler ifølgje ein systematisk oversikt frå 2018 over forskjellige studiar.
– Eg har møtt på mange som er nervøse for å ta vaksine. Dei gruer seg og er bekymra når dei kjem og skal få sett sprøyta, seier Marianne Buvik.
Ho er helsesjukepleiar ved Hamar katedralskole, og har lang erfaring med ungdommar som skal vaksinere seg.
IKKJE UVANLEG: Dei fleste barn er redde for nåler, men det er ting som kan hjelpe mot det.
Foto: Anne Kari Løberg / NRKFor dei som synest det er skummelt å få vaksine har ho råd både til kva ein ikkje bør gjere, og kva ein bør gjere.
Ho tilrår å ikkje vere stressa når ein skal få stikket. Det å stramme musklane i armen er heller ikkje lurt.
I staden har Buvik følgjande råd:
1. – Tenk på kvifor ein tek vaksine og kvifor det er viktig.
Ho fortel at nokre av ungdommane ikkje klarer å sjå betydninga av kvifor dei tek vaksine og at dei i staden er mest redd for sjølve stikket som dei fryktene gjer vondt.
2. – Pust roleg!
Buvik oppmodar dei som er redde til å tenkje på pusten sin på veg til vaksinelokalet og når ein sit der. Det å puste roleg kan senke stressnivået, fortel ho.
3. – Tenk på noko anna
Ved å tenkje på noko anna blir fokuset på sjølve stikket mindre. Å ha musikk eller annan lyd på øyret er ein måte å distrahere seg sjølv på, tipsar Buvik.
4. – Ha med nokon du er trygg på.
Treng ein ei hand å halde i kan det vere lurt å ha med ein venn, ein vaksen heimanfrå eller ein lærar.
Viss ein er veldig redd er det ikkje sikkert noko av tipsa over hjelpar. Då har helsesjukepleiaren eitt klart råd:
– Viss ein har dårlege erfaringar frå før tilrår eg at dei ligg når dei får vaksinen.
Ho seier det er lurt å seie frå om tidlegare opplevingar til personalet som skal setje vaksinen og be om å få liggje.
– Vi ser at det hjelper mot nervøsitet og at kroppslege reaksjonar når ein får lov til å liggje.
- Det kan vere vanskeleg for foreldre å vite korleis dei skal støtte barna sine:
Litt ekstra hjelp
Medan dei fleste på Øyer ungdomsskole får stikket saman i eit felles rom, er Elise såpass nervøs at ho og helsesekretær Elin Solli går inn på eit eige rom så ho kan vere åleine.
– Eg har berre alltid vore redd for vaksinar. Eg veit ikkje kvifor, for eg pleier ikkje å kjenne stikket så godt, men eg får alltid ganske vondt etterpå, seier Elise.
Då kjem nokre av tipsa til god nytte.
PUSTE SEG GJENNOM: Helsesekretær Elin Solli viser korleis ein kan puste for å roe seg ned før vaksine.
Foto: Åshild Slåen / NRK– Det er kanskje lurt å puste til eg blir litt rolegare, så klarar eg å slappe av i armen, seier åttandeklassingen.
Det er Elin som skal setje vaksinen heilt einig i.
– Det er veldig viktig å kjenne at du er klar for å ta vaksine, både med hovudet og kroppen.
Til slutt er det gjort, og trass i nervøsiteten, gjekk det heilt fint.
- Vi byrjar å få god vaksinedekning. Les om fleire gode koronanyheiter.