Hopp til innhold

50 brev funnet i vegkanten- fleire med sensitive personopplysningar

KONGSVINGER/NORD-ODAL (NRK): Posten trur breva er stole frå postkasser, og at tyvane har forsøkt seg på ID-tyveri. Politiet etterforskar saken.

FANN BREV: Marius Skogstad, som er ansvarleg for bomkassa på Solør/Odalsvegen, fann både opna og uopna post langs vegen.

FANN BREV: Marius Skogstad, som er ansvarleg for bomkassa på Solør/Odalsvegen, fann både opna og uopna post langs vegen.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Breva vart oppdaga av forbipasserande før helga, langs ein aude skogsbilveg mellom Solør og Nord-Odal.

Dei rundt femti breva vart funne i vegkanten. Fleire av dei var opna.

– Det er alvorleg at uvedkomande går i postkassene og hentar andre sin post, seier pressesjef John Eckhoff i Posten.

Breva vart funne i vegkanten på ein aude veg langt til skogs.

AUDE VEG: Langs kanten på denne vegen var breva kasta utover. Marius Skogstad finn framleis brev på staden, fleire dagar etter dei fyrst vart oppdaga.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Vegoppsynsmann Marius Skogstad tok turen til staden, etter at han hadde lese eit innlegg om funnet på Facebook.

– Eg fann litt av kvart. Det var både bankbrev, rekningar og mykje anna. Heilt ordinær post, seier Skogstad, som framleis finn brev i vegkanten.

Ut frå korleis breva låg, trur han breva er kasta ut frå ein bil. Breva skulle til folk i Odalen og Eidsvoll.

Det var Glåmdalen som skreiv om saka fyrst.

Leverte dei til Posten

Skogstad samla inn breva og leverte dei til stadens post-i-butikk. Der tok butikksjef og eigar Mette Bekken ved Joker Bakketun kontakt med politiet.

– Det gjekk ein halvtimes tid så kom dei og henta breva, seier ho.

Seinare leverte politiet breva til posten i Kongsvinger, der breva no ligg til tørk. Derifrå skal breva sendast til dei rette adressatane.

Politiet bekreftar til NRK at dei vil etterforske saka, men vil ikkje kommentere saka meir no.

Marius Skogstad samla breva og leverte dei til Mette Bekken på Joker Bakketun på Knapper i Nord-Odal.

POST I BUTIKK: Marius Skogstad samla saman breva han fann, og overleverte dei til Mette Bekken på Joker Bakketun på Knapper i Nord-Odal. Derifrå vart breva levert til Posten i Kongsvinger.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Trur breva er stolne

I Posten er dei sikre på at breva har blitt stolne frå postkasser.

– Dette er ei politisak som bør etterforskast av politiet. Postkassar er privat eigedom, og innbrot bør jamstillast med til dømes innbrot i bustad. Politiet må finne omstenda og omfanget, seier Pressesjef John Eckhoff i Posten.

John Eckhoff

ALVORLEG: Pressesjef John Eckhoff i Posten seier det er alvorleg at nokon har stole post frå postkasser.

Foto: Birger Morken / Posten

Han seier dei har rutinar for dette, og at målet er å få breva fram så raskt som mogleg. Det blir lagt ved eit følgebrev som viser til kva som har skjedd med breva.

– Der me eventuelt manglar mottakar eller avsendar så har me ei eiga avdeling som handterer desse breva og leitar opp vedkomande, seier han.

Kan ha leita etter personopplysningar

Eckhoff seier tjuvane kan ha leita etter til dømes personopplysningar og bankkort, og at konsekvensane kan bli store dersom opplysningane blir brukt til dømes i ID-tjuveri.

Trass i dette forsikrar han at det er trygt å sende post.

– Postkassene skal vere ein trygg kanal å både sende og ta imot noko i. Me opplever dette relativt sjeldan med tanke på at me distribuerer ein halv milliard sendingar i året.

Tørker post på gulvet

TØRKAR: Breva som vart funne skal distribuerast vidare. I mellomtida ligg dei til tørk hos Posten i Kongsvinger.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Sidan postkasser er privat eigedom, seier Eckhoff at det er opp til kvar enkelt korleis ein vel å sikre seg mot tjuveri.

– Kvar enkelt må vurdere eigne behov. Dersom ein set lås på postkassa blir det vanskelegare å levere til dømes netthandelleveringar.

Skal ein sende større verdiar bør ein også vurdere kor godt ein bør sikre seg.

– I posten sine vilkår skal ikkje kontantar sendast i posten, og når det gjeld større verdiar har me eigne produkt.

Flere saker fra Innlandet