– Det er ikkje rart at kvinner vegrar seg for å stille opp på frivillige leiarverv eller uttale seg offentleg når ein ser hetsen som kjem inn. Eg lurer verkeleg på kva folk tenker, og det er i hovudsak menn som sender meldingar, seier Clarissa Bergh.
Ho er fungerande styreleiar i Lillehammer Ishockeyklubb. Saman med klubbsjef Julie Grime Engely styrer dei klubben i ein relativt mannsdominert idrett. Utover dei to damene er det berre Stavanger Oilers i Noreg som har ei kvinne på topp – resten er menn.
Får fleire meldingar
– Eg trur vi får meir hets sidan vi er kvinner som tek plass. Vi stikker oss litt fram, og det er vanskeleg for fleire menn å akseptere, seier Bergh.
– Det kjem stadig meldingar i innboksen – både via Facebook og på mobilen. Nokre av dei er lite hyggelege. Av og til blir denne frasen brukt via telefon; «Høyr her vesle frøken», seier Grime Engely.
Da tek ho eit bevisst val og pratar ikkje vidare med den som seier det.
30-åringen fortel at ho ofte får meldingar som er lite hyggelege.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKBegge tykkjer det er trist i 2025 at kvinner framleis må snakke om dette og ta det opp.
– Dessverre så ser vi at kvinnehets er på veg oppover igjen, seier Bergh.
Derfor vel dei no å seie ifrå.
NRK har sett fleire meldingar som viser nedsettende kommentarer.
– Må stå opp mot bøllene
– Ein må stå opp for seg sjølv og seie ifrå at dette ikkje er greitt. Det må vere lov å ta litt plass og seie sine meiningar utan å vere redd for å få ugreie tilbakemeldingar, seier Grime Engely.
– Eg har to tenåringar heime og eg har alltid snakka om kor viktig det er å stå opp mot bøllene. Da må mamma vere eit godt eksempel sjølv om det kostar, seier Bergh.
Det har vore ei tøff økonomisk tid for hockeyklubben, og engasjementet har vore mildt sagt ganske stort.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKMen ho opplever at dei gongene ho seier ifrå at responsen er positiv.
– Eg får støtte frå andre og dei eg seier imot er ikkje vant til å få motstand. Da sluttar dei, seier Bergh.
Generalsekretær: – Trist å høyre
Generalsekretær i Noregs Ishockeyforbund, Petter Salsten, tykkjer det er bra at dei to kvinnelege leiarane frå Lillehammer seier ifrå.
– Men det er trist å høyre at dei opplever at det er ein forskjell i forventningar utifrå kjønn, seier Salsten.
Petter Salsten er generalsekretær i Noregs Ishockeyforbund.
Foto: Viktoria Hellem-Hansen / NRKHan fortel at det er ei generell utfordring i dagens samfunn med netthets.
– Alle har lett tilgang til den enkelte i dag. Når man har ei viss type stilling innanfor idrett må ein gjere seg opp ei meining om kor mykje ein skal involvere seg i sosiale plattformer sidan det er mykje lidenskap i idrett. Men netthets er veldig uheldig, seier Salsten.
Ser stadig fleire kvinner i ishockeyen
Generalsekretæren opplyser at ishockeyen er ein spesielt mannsdominert idrett, men at dei opplever vekst på kvinnesida.
– Tala og utviklinga er positiv, men det tek tid. Spesielt terskel er det å få inn kvinner i roller sidan mange oppfattar hockeyen som mannsdominert, seier Salsten.
Han håper den positive trenden held fram med enda fleire kvinner inn i ishockeyen.
– Det er sunt og styrker miljøa. Vi har behov for fleire kvinner i alle ledd, seier Salsten.
Ber hockeyen ta grep
Siri Nordby, toppfotballsjef i Noregs Fotballforbund, heier på at kvinner tør å ta kampen. Ho sto sjølv i ein liten storm da ho fekk jobben i fjor.
– Eg har sjølv ikkje opplevd netthets, men kjenner meg igjen i at det er mange folk som har for mykje tid til å meine om ting dei eigentleg ikkje kan. Det er fint at enkeltpersonar som står i leiarroller går framfor med eit godt eksempel og tek kampen, seier Nordby.
Siri Nordby meiner at kvinner må ta sjansen og stole på seg sjølv.
Foto: Egil Sande / NRKFotballen har gjennom mange år jobba aktivt for å få fleire kvinnelege leiarar inn i sporten.
– Dersom det berre sitt menn mellom 40 og 60 år rundt bordet får du stort sett mange nikk, og mange av dei same svara. Dersom ein har eit stort mangfald i organisasjonen får ein mykje betre diskusjonar, seier Nordby.
– Kvinner; Ta sjansen!
Ho trur det er viktig å tenke annleis allereie i utlysingsprosessen for å få fleire kvinner inn.
– Dersom ein berre lyser ut i eigne kanalar så er det kanskje berre dei som er oppteke av hockey som ser utlysinga. Sidan hockey er ganske mannsdominert er det mange menn som ser utlysinga. Derfor gjeld det å tenke litt utanfor boksen, seier Nordby.
Siri Nordby meiner hockeyen må tenke litt utanfor boksen for å skaffe fleire kvinner inn i styre- og leiarverv.
Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRKHo fortel at det kan vere andre kvalitetar enn hockeybakgrunn ein kan sjå etter – spesielt i leiarroller.
– Eg har sjølv bakgrunn både frå privat næringsliv og fotballen. Det kan vere andre kvalitetar enn idrettsbakgrunn som er minst like viktige i leiarroller, seier Nordby.
Ho har ei klar oppfordring til kvinner.
– Menn søker ofte på jobbar dei ikkje er kvalifisert til. Eg håper at kvinner tør å søke på jobbar dei ikkje er overkvalifiserte til og stol på dykk sjølve. Tør å ta sjansen i det og hopp i det!
Hei!
Takk for at du leste artikkelen. Vi prøver heile tida å skrive relevante nyheitssaker. Om du har eit tips vi bør sjekke opp eller ei sak du meiner vi må omtale er det berre å ta kontakt.