Rektor Trine Skjellerudsveen er blant dei som streikar ved Åretta ungdomsskole.
Foto: Ragnhild Moen Holø / NRKI nærmare 25 varmegrader og strålande sol sit lærarar og rektor ved Åretta ungdomsskule streikevakt. Ingen dum dag å streike på, men dei påstår at dei heller ville vore på jobb.
– Det er å fint å sitje ute i sola. Men det er leit at vi ikkje blir møtt med tilstrekkeleg forståing for det kravet vi har, og at vi ikkje blir sett pris på, seier lærar Sverre Lie.
Ingen nynorskeksamen
Dei som blir råka av streiken er elevane ved skulen. Dei får ikkje gjennomføre avsluttande eksamen i nynorsk i dag, utan at det skapar store frustrasjonar.
– Det følast veldig bra, eg er ingen stor fan av nynorsk, innrømmer avgangseleven Henrik, som kjem syklande med ein pose full av eksamenssnop. Det kan han nyte ute i sola i staden.
– Dei elevane som skulle ha eksamen i sidemål var ikkje veldig lei seg. Dei hadde eksamen i går også, så dei har fått gjennomført noko, seier rektor Trine Skjellerudsveen, som er blant dei streikande.
25.000 streikar
Det var ved 4-tida i dag det vart klart at det blir streik i både stat og kommune, og vel 25.000 arbeidstakarar vart teke ut i streik.
I Hedmark og Oppland er det særleg Lillehammer som er råka, der er fleire skular og barnehagar stengt. Men Fagforbundet har også teke ut fleire hundre arbeidstakarar i kommunar og kommunale føretak.
Ved Åretta ungdomsskole ville både rektor Trine Skjellerudsveen og kollega Sverre Lie aller helst ha gjennomført undervisning og eksamenar som planlagt i dag, og er lei seg for at det går ut over elevane.
– Det rammar elevane som ikkje får den lærdommen dei burde fått, og ikkje får tatt dei eksamenane dei skulle. Så vi skulle aller helst tenkt oss å vore på jobb, seier Sverre Lie.