Hopp til innhold

Her rammar streiken i Hedmark og Oppland

Det blir streik i stat og kommune etter at forhandlingane braut saman i natt. Lokalt er Lillehammer særleg råka, med streik i både skular, barnehagar og helsetilbod.

Meklingsinnspurt i lønnsoppgjøret

Forhandlingane i stat og kommune braut saman klokka 4 torsdag morgon.

Foto: Løchen, Per / NTB scanpix

Til saman 25.000 arbeidstakarar blir teke ut i streik etter at både Unio, Fagforbundet og YS stat braut forhandlingane natt til torsdag.

Fyrst braut meklinga med dei statstilsette saman, før det vart klart at det vart brot også for dei kommunetilsette. Det vil mellom anna ramme mange barnefamiliar, i Lillehammer er fleire skular og barnehagar teke ut i streik. I Hedmark og Oppland er i alt 267 teke ut i Unio sin streik, alle i Lillehammer. (NB! Det kan vere berre få personar som er teke ut i streik på kvar stad, slik at mange funksjonar går som normalt).

– Vi har prøvd å ta ut folk i streik som fyrst og fremst vil råke arbeidsgjevar. Det er foreldre med barn i barnehage og skulen på Hammartun som vil merke det, ein streik vil alltid ramme også andre, seier streikeleiar i Unio i Lillehammer, Monica Engen.

Ho fortel at dei fyrste streikevaktene er klare tidleg torsdag morgon.

– Streikeviljen er kjempestor, eg har fått mange innspel dei siste dagane frå folk som er klare til å streike, seier Monica Engen i Unio i Lillehammer.

Mange kommunalt tilsette i streik

Også Fagforbundet har teke ut mange kommunalt tilsette i Hedmark og Oppland i streik.

– Det er mange på rådhuset, nokre reinhaldarar og vaktmestrar som er teke ut til streik, seier Anne Mette Nordbakken i Fagforbundet i Stange.

I Hedmarks-kommunen er det teke ut til saman 159 personar i streik.

– Det vil ikkje bli fare for liv og helse. Dei fleste er positive til ein streik, og eg trur folk har forståing for at vi streikar, seier Nordbakken.

I YS stat er det 41 stykkjer som er teke ut i streik. Desse er tilsett i Lillehammer, både ved rådhuset og innan vatn og avløp og vegtenesta.

– Folk vil ikkje merke dette så mykje i fyrste omgang, men vi har prøvd å ramme arbeidsgjevar meir enn publikum. Eg opplever at streikeviljen er stor, seier YS-leiar Jan Sverre Bekkelund i Lillehammer.

Flere saker fra Innlandet