Møtet i forliksrådet i dag, der Burøy kravde fleire titals millionar kroner i erstatning, førte ikke fram.
Dermed krev Burøy erstatning frå DnB Nor etter at Sparebanken NOR slo han konkurs i 1991.
Inge Burøy (Foto: NRK)
- Krav mindre enn tap
Burøy meiner sjølv at kravet hans er langt mindre enn tapet han har lidd. Han meiner også at banken tvang igjennom konkursen på sviktande grunnlag.
Bakgrunnen for saka er at gründaren Inge Burøy i 1991 vart sett på sidelinja i det han opplevde som ein kuppliknande operasjon.
Industrieventyr
Sparebanken Nor sto sentralt i denne operasjonen. Livsverket som Burøy hadde bygd opp gjennom 20 år vart tatt frå han.
Burøy A/S var eit industrieventyr med midlertidige betalingsproblem, men likevel med god økonomi og leveringsavtaler i millionklassa.
Bedrifta laga rullestolar og delar til mekanisk industri. Inge Burøy meiner banken utnytta den forbigåande krisa ved å dra inn kredittar, og på den måten provosere fram ein konkurs.