Henlegg lekkasje i legesaken

Spesialeininga for politisaker har undersøkt om nokon i politiet har leke sensitive opplysingar i saka om den såkalla mms-legen. Nå er saka lagt bort.

Det var legens daverande advokat som reagerte på at informasjon underlagt teieplikt kom ut i pressa, kort tid etter at han hadde forklart seg.

Blant anna kom det fram at legen var sikta for å ha befølt ei mindreårig jente under narkose på sjukehuset. Advokaten meinte politiet måtte stanse medielekkasjane.

Undersøkte dataregister

Det heile ende med at spesialeininga sjølve bestemte seg for å etterforske saka.

– Vi har gjennomført avhøyr av dei personane som har vore involvert, og ikkje funne noko som viser at desse lekkasjane stammar frå politiet. Dette kan også ha kome frå anna hald, seier juridisk rådgjevar i spesialeininga, Knut Wold.

Han seier at opplysningane som kom ut i media utvilsamt var sensitive og underlagt teieplikt.

– I tillegg til avhøyr har vi også undersøkt dataregister for å prøve å finne ut kven som stod bak lekkasjane. Men generelt er det vanskeleg å undersøke slike saker fordi informasjonen ofte er spreidd.

Politimeister Tormod Bakke er godt tilfreds med spesialeininga sin konklusjon.

– Slik eg oppfattar det så har dei ikkje funne noko informasjon om at det har vore lekkasjar frå politiet. Det er eg godt tilfreds med.