Hopp til innhold

Heile furutre blir berande element i turisthytte under Galdhøpiggen

Her blir dei eldgamle trea heist på plass i det som skal bli ein matsal. – Milevis unna eit A4-prosjekt.

Trea har vakse høgt og seint, tusen meter over havet. Dei er rundt 250 år gamle.

– Furu er eit vanleg og solid byggemateriale, men vanlegvis litt meir arbeidd med enn her, smiler turistvert Amund Mundhjeld.

Det unike prosjektet starta med at turisthytta måtte utvide bygget med ein ny matsal. Arkitekten kom med ideen om å bruke trea i si opphavlege form. Og trea skal omkransast av glasveggar- og tak.

– Det vanlegaste er å kappe av alle greinene og sende stokken til eit sagbruk, seier arkitekt Jan Olav Jensen ved arkitektkontoret Jensen og Skodvind AS.

 Jan Olav Jensen og bygningsingeniør Finn-Erik Nilsen hjå arkitkontoret Jensen og Skodvin AS har teikna mykje for turistnæringa i Jotunheimen.

UVANLEG: Arkitekten skjønte det ville vera umogleg å laga ei fornuftig arbeidsteikning, så løysinga vart å fotografere trea i skogen og laga ein 3D-modell av bygget.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Vi har mykje gamal furu rett nedanfor turisthytta her, så det var arkitekten som meinte vi kunne bruke dei som berekonstruksjon, seier turistverten på Raudbergstulen.

Les også Vintønner og svevetelt – her er noen spennende overnattinger i sommer

Drømmer du om å våkne opp i en vintønne-hytte, i et glamping-telt eller til lyden av bølger som treffer land?

Risiko og meirkostnad

Sju gamle furutre er kappa og henta ut frå skogen med alle kvistane på.

For Mundhjell var det heilt sentralt at trea ikkje skulle vera pynt og jåleri, men at dei har ein praktisk funksjon som berande element.

Turisthytta ligg rett ved vegen opp til Juvasshytta, som er det mest populære utgangspunktet for dei mange titals tusen som kvart år går til Galdhøpiggen.

Amund Mundhjeld på Raudbergstulen bygger ny spisesal av 250 år gamle furutre

NØGD: Turistvert Amund Mundhjeld er glad for løysinga, og håper det vil gje ein meirverdi for gjestene.

Foto: Even Lusæter

– Det er kanskje ein risiko og ein meirkostnad, men eg har tru på at god arkitektur også gjev ein meirverdi og at fleire ynskjer å bu her på Raudbergstulen, seier Amund Mundhjeld.

Nybygget på 140 kvadratmeter skal etter planen stå ferdig til sommarsesongen, og han som er byggmeister på prosjektet vedgår at det er mange ting å tenkje på.

– Vi har tatt på oss så mange merkelege prosjekt gjennom tidene, så vi berre hoppa ut i det og satsar på å lande på føtene, seier Halvor Dalen i byggefirmaet Stokk og stein.

Les også Bygger svevande hotellsuite i bergveggen: – Treffer ein veksande trend

Ingrid Tho og Geir

Spesiell arbeidsteikning

Med eit hundretals kvistar som peikar mot himmelen, trengst det også ei spesiell arbeidsteikning.

Alle trea er skanna og printa ut i ein tredimensjonal, identisk modell.

– Eg har aldri hatt noko som liknar på denne arbeidsteikninga, men eg må vedgå at ho er praktisk, smiler byggmeister i Stokk & Stein AS, Halvord Dalen.

Modell og arbeidsteikning av påbygget på Raudbergstulen

MODELL: Alle trea er skanna, og printa ut i ein tredimensjonal, identisk modell i 1:33.

Foto: Even Lusæter

Firmaet er vane med spesielle byggeprosjekt, og har mellom anna jobba mykje med restaurering av gamle stavkyrkjer.

Verten på Raudbergstulen meiner det er heilt avgjerande å ha gode snikkarar på laget.

– Her må ein ha gode folk som er løysingsorienterte. Dette har aldri vore gjort tidlegare så her treng vi jafolk, smiler Mundhjeld.

Nytt bygg på Raudbergstulen skal berast av heile furutre.

SKOG: Alle trea er på plass. Nå skal kvistane kappast. Bygget vil ha mykje glas i fasaden.

Foto: Even Lusæter

Les også «Alle» vil overnatte i toppen av eit tre

Foto: Mette Vollan / NRK

Største utfordringa: Berekne bereevna

– Arkitekten seier han trur dette vil halde, men det er eg som må kvalitetssikre det, smiler ingeniør Finn-Erik Nilsen hjå arkitektkontoret Jensen og Skodvin AS.

Han seier dette er milevis unna eit A4-prosjekt, og at turisthytta under Galdhøpiggen både er utsett for vind og store snømengder.

– Den største utfordringa med å berekne bereevna er at mange greiner er bøygde. Det er dyktige handverkarar, så dei greier det sikkert, men dette er ikkje A4, seier ingeniøren.

Hundretals krokete, gamle furukvistar skal bera taket til den nye spisesalen på Raudbergstulen i Jotunheimen.

UTSIKT: Hundretals kvistar mot himmelen. Glas, vegger og tak. Dette blir utsikta frå den nye spisesalen på Raudbergstulen.

Foto: Even Lusæter

Han seier at på slike prosjekt er det ikkje noko fasitsvar før ein startar. Her får ein fasiten når bygget står ferdig.

– Eg er ikkje uroa for at det blir sterkt nok, men det krev god oppfylging under bygginga, seier Finn-Erik Nilsen.

Både taket og veggane skal ha store glasflater, så bygget må vera stivt.

Arkitekten og ingeniøren har kalla det nye tilbygget for «skogen» og har rekna seg fram til at ein bør ha minst sju tre for å kalla det skog.

– Målet er at dei som skal eta middag her får ei kjensle av å vera i skogen, seier Jensen.

Det er berre 2 kilometer frå der trea er hogd til dei nå står som berande konstruksjon i matsalen.

– Dette er i høgste grad kortreiste materialar, seier Nilsen.

Arkitekten seier at det artigaste med dette bygget, er at det ikkje kan kopierast.

– Dette er heilt unikt, og dei får ein matsal eg trur folk vil hugse, seier Jensen.

Flere saker fra Innlandet