Hopp til innhold

Kollapsa etter målgang

Jenny Hansson vann kvinneklassa under årets Birkebeinerrenn. Men det kosta dyrt.

Jenny Hansson

Jenny Hansson var fullstendig knekt etter at ho vann Birkebeinerrennet

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Ho klarte ikkje ein gong å strekkje hendene i været før ho segna om i målområdet.

Jenny Hansson hadde teke ut absolutt alt, og måtte takast hand om av Røde Kors-personell etter at ho kom i mål.

(Artikkelen fortsett under TV-reportasjen.)

Video nsps_upload_2010_3_20_11_15_46_98.jpg

Det kunne virke dramatisk, men ho klarte etterkvart å kome seg opp på føtene, og vart ført ut av området av medisinsk personell.

Jenny Hansson

Så sliten var Jenny Hansson etter at ho vann Birkebeinerrennet.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

– Eg har aldri vore så sliten før, men det var verdt det. Eg har astma og fekk ikkje i meg luft i det heile tatt, sa ei glad men utruleg sliten Hansson etter løpet.

Ho vann løpet på tida 2.57.33.

– Stort å vinne Birken

Dette var Hanssons fyrste seier i Birkebeinerrennet, og ho la ikkje skjul på at det vart ein spesiell dag.

– Det er kjempestort for meg. Alt klaffa i dag, og eg hadde kjempeski og var i kjempeform, fortel ho til nrk.no.

Ho har tidlegare vunne det italienske langløpet Marcialonga og tre gonger vorte nummer to på Vasaloppet.

Sprinter på andreplass

Karianne Bjellånes

Karianne Bjellånes overraska med å bli nummer to i dameklassa.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Karianne Bjellånes er mest kjent for å gå korte løp, men sprinteren imponerte alle med å ta andreplassen bak suverene Hansson.

– Eg er veldig godt tilfreds. Eg brukar å gå sprint, så det var artig å henge med på eit så langt løp.

Ho kom i mål eit drøyt minutt bak Hansson.

– Eg prøvde å henge på så lenge som råd, men ho reiste sakte men sikkert frå, sa Bjellånes etter løpet.

Italienske Antonella Confortola vart nummer tre i årets Birkebeinerrenn.

Seierspallen birkebeinerrennet kvinner

Karianne Bjellånes, Jenny Hansson og Antonella Confortola.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Tidligere Birkebeinervinnere

År

Menn

Kvinner

2009

Jerry Ahrlin

Hilde Gjermundshaug Pedersen

2008

Stanislav Rezac

Hilde Gjermundshaug Pedersen

2007

Avlyst

Avlyst

2006

Anders Aukland

Hilde Gjermundshaug Pedersen

2005

Stanislav Rezac

Christina Paluselli

2004

Gianantonio Zanetel

Annmari Viljanmaa

2003

Odd-Bjørn Hjelmeset

Annmari Viljanmaa

2002

Stanislav Rezac

Marthe Flugstad

2001

Erling Jevne

Anita Moen

2000

Erling Jevne

Anita Moen

1999

Erling Jevne

Anita Moen

1998

Erling Jevne

Anita Moen

1997

Erling Jevne

Marthe Flugstad

1996

Erling Jevne

Marit Mikkelsplass

1995

Odd-Bjørn Hjelmeset

Unni Ødegård

1994

Erling Jevne

Gry Oftedal

Ekspander/minimer faktaboks