Hopp til innhold

Aukland vann Birken

Veteranen knuste konkurrentane på veg over fjellet.

Anders Aukland vinner birken
Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Det var ein svært glad vinnar som kunne strekkje hendene i været og juble over sin andre seier i Birkebeinerrennet.

– Det var utruleg moro. Eg tykkjer eg gjekk bra heile vegen , og hadde gode ski. Alt klaffe 100 prosent i dag, sa Aukland like etter målgang.

(Artikkelen fortsetter under TV-reportasjen: Anders Aukland på vei mot seier)

Video nsps_upload_2010_3_20_11_15_46_98.jpg

Han var omlag eit minutt framfor Stanislav Rezac, med Simen Østensen på tredjeplass.

– Trudde han var rett bak

Vinnartida til Aukland var på 2.27.19, og var med det omlag to og eit halvt minutt bak rekordtida til dagens andremann Stanislav Rezac frå 2008.

– Det var fantastisk fine forhold, og mykje betre enn det ein kunne frykte i går.

(Artikkelen fortsetter under TV-reportasjen: – Artig å vinne over Rezac, sier Anders Aukland)

Video nsps_upload_2010_3_20_11_34_20_104.jpg

Han var faktisk litt overraska da han snudde seg etter målgang, og såg at oppløpet var tomt bak han.

– Eg fekk ei luke på Midtfjellet, men trudde han var rett bak meg her, fortalte Anders Aukland.

Dei fem beste:

1. Anders Aukland Team Xtra personell 2:27:19
2. Stanislav Rezac PATRIA DIRECT TEAM 2:28:28
3. Simen Østensen Fossum IF 2:29:00
4. Thomas Alsgaard 2:30:09
5. Mathias Fredriksson Axa Sports Club 2:31:05

Tre reiste frå

Det viste seg tidleg at det var tre karar det skulle stå mellom. Ved Kvarstad leia Simen Østensen med Aukland og Rezac hakk i hæl.

Men Aukland sette opp farta, og fyrst måtte Østensen sleppe, før Rezac forsvann nokre kilometer før mål.

(Artikkelen fortsetter under TV-reportasjen: 72 år gamle Anders Sølberg satte ny personlig rekord.)

Video nsps_upload_2010_3_20_11_37_45_105.jpg

Veteranen Thomas Alsgaard vart nummer fire på løpet, og var litt ergerleg for at han ikkje satsa enda hardare.

– Eg har ikkje fått trena nok i år og turte ikkje å henge på dei tre beste. Det er nesten så eg angrar litt på det nå, sa Alsgaard etter målgang.

Tidlegare vinnarar av Birkebeinerrennet:

Tidligere Birkebeinervinnere

År

Menn

Kvinner

2009

Jerry Ahrlin

Hilde Gjermundshaug Pedersen

2008

Stanislav Rezac

Hilde Gjermundshaug Pedersen

2007

Avlyst

Avlyst

2006

Anders Aukland

Hilde Gjermundshaug Pedersen

2005

Stanislav Rezac

Christina Paluselli

2004

Gianantonio Zanetel

Annmari Viljanmaa

2003

Odd-Bjørn Hjelmeset

Annmari Viljanmaa

2002

Stanislav Rezac

Marthe Flugstad

2001

Erling Jevne

Anita Moen

2000

Erling Jevne

Anita Moen

1999

Erling Jevne

Anita Moen

1998

Erling Jevne

Anita Moen

1997

Erling Jevne

Marthe Flugstad

1996

Erling Jevne

Marit Mikkelsplass

1995

Odd-Bjørn Hjelmeset

Unni Ødegård

1994

Erling Jevne

Gry Oftedal

Ekspander/minimer faktaboks

Flere saker fra Innlandet