Hopp til innhold

Handlekåte nordmenn reddar svenske bygder

Handlekåte nordmenn gjev gode tider i svenske grensekommunar. Berre i Värmland skapar grensehandelen rundt 2000 arbeidsplassar.

Nordmenn på svenskehandel i Charlottenberg

Nordmenn legg att over 5,2 milliardar kroner i den svenske grenseregionen Värmland.

Foto: Simen Sveen / NRK

– Nå skal eg fylle opp ein binge med godis!

Maria Josefsson har hendene fulle med å tilfredsstille massane med nordmenn som tek turen til Charlottenberg shoppingsenter for å handle. Ho er ei av rundt 500 som jobbar i det norskeigde senteret. Utan grensehandelen ville det vore vanskeleg å få jobb.

– Eg hadde nok funne på noko, men da måtte eg reise mykje lenger.

Byggjer stadig ut

Tommy Johannessen og Maria Josefsson

Butikksjef Tommy Johannessen og Maria Josefsson fyller på ekstra godis for handleglade nordmenn.

Foto: Vera Wold / NRK

Utan norskehandelen ville livet vore mykje rolegare i den tidlegare industrikommunen Eda. Det blir planlagt 50.000 nye kvadratmeter med handelssentre, Olav Thons shoppingsenter skal utvidast, og i nabokommunen blir det også utvida.

– Det skapar naturlegvis mange arbeidsplassar i handelen. Men også andre verksemder som bilmekanikarar, tannlegar, frisørar og andre servicebedrifter får meir å gjere på grunn av besøkjande nordmenn, seier ordførar Johanna Söderberg.

Ordføraren for kommunen med 8500 innbyggjarar håpar etter kvart at nordmennene vil gjere meir enn å berre handle når dei kjem til Eda.

Ler litt av nordmennene

Vi skal ha 80-årsfeiring og treng litt champagne. Vi tek det som ein tur og handlar mykje av det som er billigare enn i Noreg.

Handlande nordmenn i Charlottenberg

I Värmland auka grensehandelen med 10 prosent i fjor. Det betyr at svoltne, tørste og røykhungrige nordmenn la att 5,2 milliardar kroner i regionen i fjor, viser ein rapport om nordisk grensehandel og turisme.

Det fører til at småkommunane Strömstad og Eda er på topp 3 i svensk turisttrafikk, saman med Stockholm.

– Vi høyrer på nordmenn som seier at «eg likar ikkje det svenske smøret», før dei hiv seg over det og plukkar med seg 20 pakker. Utan å vere ekle så ler vi litt av dykk, av og til, humrar Maria Josefsson ved Charlottenberg shoppingsenter.