Avisa Glåmdalen på Kongsvinger har ikkje fått færre abonnentar etter at Våler Arbeidarparti vedtok å boikotte avisa.
11 abonnentar i Våler har følgd Arbeidarpartiet si oppfordring om å seie opp avisa, men samstundes har Glåmdalen fått åtte nye abonnentar i kommunen.
Vestlands-protest
Ein av dei nye abonnentane er ein vestlending som hadde høyrt om boikotten på radio. I ein e-post til avisa skriv han at han aldri har høyrt om avisa før, men at han likevel ønsker å støtte avisa i protest mot Arbeidarpartiet sitt boikott-vedtak.
Redaktøren i Glåmdalen, Rolf Nordberg, reknar med at dei 11 som har sagt opp avisa har gjort det i ein slags organisert aksjon.
Reagerte på kritikk
Det var før helga at styret i Vålet Arbeidarparti vedtok at dei ville boikotte avisa etter at redaktøren hadde skrive ein svært kritisk leiarartikkel om ordførar Kjell Konterud si handtering av asylmottak-saka i kommunen. Partilaget oppfordra samstundes alle sine sympatisørar om å seie opp avisabonnementa sine.