Gjekk gjennom isen og drukna

Det var den 81 år gamle Per Noppi som vart funnen omkomen i dag tidleg etter han hadde vore på fisketur.

I heile natt har leitemannskap med fem hundar leitt etter mannen, som drog ut på fisketur i går ettermiddag eller kveld. Da han ikkje hadde kome heim klokka 22.30 vart han meldt sakna.

Gått gjennom råk

Litt før klokka seks i dag tidleg kom det melding frå patruljen på staden om at mannen var funnen ved eit vatn nord for Røgden i Svullrya. Det opplyser operasjonsleiar Trond Langeland Sulen ved Hedmark politidistrikt. Mannen hadde gått gjennom ei råk i isen. Han vart funnen i vasskorpa.

Halve tjernet var islagt, og det var der han hadde gått utpå for å fiske.

Bilen til mannen vart tidlegare funnen ved Røgden.

Oskesky hindra helikoptersøk

Ei oskesky over delar av sør-Norge i går kveld førte til at Hovudredningssentralen (HRS) på Sola ikkje kunne setja inn redningshelikopter i leitinga etter den 81 år gamle mannen.