Strømø sit i styret i statsforetaket Enova, og i samband med eit styremøte i november i fjor blei ho trekt ein dags løn av Fylkesmannen.
Fekk ikkje svar
Etter det NRK kjenner til, sende ho i samband med lønstrekket ein e-post til fylkesmann Kristin Hille Valla, der ho spurde om trekket var riktig.
Svaret var at ein fylgde regelverket.
Dette gjorde at Strømø sende ein ny e-post for å klargjere at ho ville vurdere si stilling viss lønsutbetaling for den eine dagen ikkje vart utbetalt.
Strømø fekk imidlertid ikkje svar på dette frå Hille Valla.
Hille Valla svara at dei fylgde regelverket.
- Manglande fleksibilitet
Strømø seier til NRK at ho reagerer på den manglande fleksibiliteten dette viser.
I vervet som styremedlem i Enova får ho ei godtgjering på 80.000 kroner.
Strømø meiner likevel at ho arbeidar så mykje som leiar for miljøavdelinga hjå fylkesmannen, slik at ho ikkje hadde trengt å få eit lønstrekk for ein dags fråvèr.