Hopp til innhold

Fysikalsk behandlar tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med pasientar

Kvinner skal ha blitt befølt medan dei låg på behandlingsbenken. Politiet meiner mannen også hadde seksuell omgang med pasientar under behandling.

Sak mot fysikalsk behandler

I RETTEN: Den tiltalte mannen har drive sin eigen klinikk i over 20 år. Måndag møtte han i retten tiltala for å blant anna ha misbrukt sin posisjon for å skaffe seg seksuell omgang. I midten er aktor Tore Martin Søbak Gundersen og til høgre er forsvarar Mette Yvonne Larsen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Den fysikalske behandlaren er tiltalt for å ha misbrukt si eiga stilling til å skaffe seg seksuell omgang med fem pasientar gjennom fleire år.

Mannen er òg tiltalt for å ha brukt posisjonen sin til å ha seksuell omgang med ei kvinne som jobba for familien.

Sjølv nektar han straffskuld, og arbeider framleis som fysikalsk behandlar på ein klinikk i Gudbrandsdalen. Samstundes held rettssaka mot han på i Tingretten.

Behandlar færre kvinner

Den tiltalte mannen har drive sin eigen klinikk i over 20 år. I retten forklarte mannen at han har nærare 15 pasientar om dagen, og at han har det svært travelt, sjølv etter skuldingane kom mot han.

Mannen omtaler seg sjølv som ein av dei mest erfarne og anerkjende behandlarane innan faget sitt i Noreg.

Likevel har skuldingane mot han påverka han på jobb.

Sak mot fysikalsk behandler

ANERKJEND BEHANDLAR: Mette Yvonne Larsen forsvarar mannen som omtaler seg sjølv som ein av dei mest anerkjende behandlarane i faget sitt i Noreg.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Han har avstått frå å behandle den pasientgruppa som vi kjenner til frå saka. Og det er for å verne seg sjølv, seier forsvarar Mette Yvonne Larsen.

Det vil seie at han ikkje lengre behandlar kvinner under 45–50 år. Dei sender han no til behandling hos ein kvinneleg kollega.

Bistandsadvokat Jessica Nazareno Ellingsen ønskjer ikkje å kommentere saka.

– Svært alvorleg

Det var i mai 2018 politiet fekk den første meldinga mot den fysikalske behandlaren.

Aktor Tore Martin Søbak Gundersen seier saka er svært alvorleg.

Sak mot fysikalsk behandler - Aktor Tore Martin Søbak Gundersen

ALVORLEG: Det er sett av ti dagar i retten til saka. Aktor Tore Martin Søbak Gundersen seier saka er svært alvorleg.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Påtalemakta ser svært alvorleg på tiltala. Det er snakk om seks forhold og seks fornærma. I tillegg dreier det seg om alvorlege straffbare forhold.

Mannen står tiltalt etter to paragrafar. Den eine omhandlar straffelova §295 som gjeld seksuell omgang ved misbruk av stilling, avhengnadsforhold eller tillitsforhold.

Han er også tiltalt for §297 som gjeld seksuell handling med nokon som ikkje har samtykket til det.

Mannen kan bli dømd til fengsel i seks år. Han kan òg miste retten til å jobbe i yrket han har no.

Flere saker fra Innlandet