Hopp til innhold

Frykta Hedda skulle dø

- Ei forferdeleg oppleving. Det seier mor til fire år gamle Hedda frå Lesja. Hedda er eit av barna som er ramma av E.coli-bakterien.

Hedda og Ann-Kristin Vorkinn
Foto: Stein Schinstad / NRK

Det er nå fem veker sidan Hedda Vorkinn frå Lesja vart lagt inn på sjukehus.

Fireåringen var ein av de første ungane som fekk konstatert nyresvikt som følgje av E.coli-bakterien.

Ho er framleis på sjukehus, men kan snart endeleg reise heim.

Mora seier det har vore ei vanskeleg tid. Ho frykta for livet til dottera.

- Det har vore ei uverkeleg tid, som ikkje kan beskrivast med ord. Det har jo stått om livet til Hedda. Det seier mora Ann-Kristin Vorkinn.

I dag kan Hedda leike litt att, og ikkje minst snakke med mora. Ho er framleis på barneavdelinga på sjukehuset i Lillehammer, men snart får ho reise heim til Lesja.

Høg feber og vondt i magen

Sjukdommen til Hedda starta med høg feber, vondt i magen og hoste. Dei trudde det var influensa, for storesøstera på sju år hadde vore sjuk med dei same symptoma. Men andre dagen begynte Hedda å kaste opp, og tredje dagen fekk ho diaré. Etterkvart vart allmenntilstanden så dårleg at dei ringde legen. Da hadde jenta også blod i avføringa.

Hedda Vorkinn
Foto: Stein Schinstad / NRK

Ann-Kristin Vorkinn trur ikkje legen forstod med ein gong kva slags sjukdom fireåringen var ramma av. Hedda vart sendt ned til sjukehuset, der ho hamna i isolat. Det vart sagt at ho hadde ein mage- og tarminfeksjon, men etterkvart hovna ho opp i ansiktet. Det var klare symptom på nyresvikt, fortel mora. 

Stolte på Gilde

Ann-Kristin Vorkinn hadde ikkje trudd at norsk mat kunne føre til slike lidingar. 

- Eg trudde norsk mat var trygg. For meg har Gilde alltid stått for kvalitet, seier ho.

Ho understrekar at ein ikkje kan seia sikkert kva kjelda er.

- At eg skulle forgifte min eigen unge med mat eg har laga til, kunne eg ikkje ha forestilt meg.

Nå håper ho berre at dottera blir heilt frisk. Men når det gjeld spørsmålet om nyrefunksjonane kan bli optimale, kan dei ikkje seia heilt sikkert for om nokre månader, kanskje eit halvår.

Gledestårar

Men så langt er utviklinga bra. Prøvene viser at nyrene virkar betre og betre.

- Den siste tida har det vore gledestårar, sjølv om bekymringa er der heile tida, seier Ann-Kristin Vorkinn. For det kan koma komplikasjonar undervegs etter det Hedda har vore gjennom. Men i dag er dei altså først og fremst glade.