Kjøring over fartsgrensa, kjøring mot raudt lys, ulovlege forbikjøringar og brot på vikepliktsreglane vil føre til at du blir belasta med ein eller to prikkar.
Utan løyve
Åtte prikkar gjev tap av førarløyvet i eit halvt år.
Men køyrer du altfor fort, eller køyrd med promille så gjeld dei same reglane som før.
Politiadvokat Odd Henning Svalheim seier det kan gje fengselsstraff og bøter som før.
Slutt på planlagd råkøyring
Politiadvokat Svalheim trur ordninga kan virke.
- Spesielt for dei som har vore "spekulantar" i dette, kan det ha ein effekt. Det er folk som nærast har spekulert i å køyre så fort at dei ikkje misser lappen, men som ligg tett ved grensa, seier Svalheim.
Mot ordninga
Prikkbelastningsordninga vart vedteke i Stortinget mot røystene til Framstegspartiet.
Thore A. Nistad frå Gjøvik representerar Frp i samferdslekomiteen.
Han meiner politikarane i staden burde ha gjeve pengar til investeringar i vegnettet framfor å straffe bilistane. Nistad har heller ikkje nokon tru på prikkeordninga.