Seksjonsoverlege på fødeavdelinga på Sjukehuset Innlandet i Lillehammer, Jakob Nakling, seier ein av grunnane er at fleire flyttar til storbyane.
- Stadig fleire kvinner tar høgare utdanning, og det fører til at også fleire flyttar frå regionen, seier han.
Færre fødande
Ei anna forklaring på nedgangen er at talet på kvinner som føder er færre. Eit tredje moment er at kvar kvinne som føder, får færre barn enn tidlegare.
- Vi ser at det nå er 1,6 barn per kvinne i Hedmark og Oppland, medan det trengst 2,1 per kvinne for at vi skal halde opp folketalet, seier Nakling.