Hopp til innhold

Flypassasjerar tapte på konkurs

Konkursen i Coast Air førte til at mange flypassasjerar på Fagernes lufthamn tapte på allereie innkjøpte flybillettar. Forbrukarrådet reagerer sterkt.

Einskilde passasjerar hadde kjøpt opptil 3-4 flybillettar på grunn av eit spesialtilbod, og fekk ikkje pengane attende, sjølv om alle ruter vart innstilt.

- Svært uheldig

Rådgjevar ved Forbrukarrådet i Gjøvik, Pål Nygård, tykkjer dette er svært uheldig, og krev nå at flypassasjerar blir verna mot konsekvensane av konkursar i luftfarten. Han har nå skreve eit brev til samferdselsminister Liv Signe Navarsete der han ber om at reisegarantifondet også skal gjelde dei som blir råka av konkursar.

- I dag har ikkje passasjerane spesielle rettar dersom flyselskap går konkurs, seier han.

Han meiner det er naturleg å sjå om det går an å utvide det eksisterande reisegarantifondet til å sikre at flypassasjerane får attende billettane ved konkursar, og at dei kjem seg trygt heim dersom dei er på reise på konkurstidspunktet.

Fagernes lufthavn

Fagernes Lufthamn

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

- Det finst slik ordningar i andre land, som til dømes Storbritannia, som sikrar passasjerane sine rettar i slike tilfelle, seier Nygård.

- Mange ubehagelege telefonar

Det var Fagernes Lufthamn som fekk alle dei sinte telefonane da Coast Air gjekk konkurs i januar. Lufthamnsjef Per Einar Tveit tykkjer forslaget frå Forbrukarrådet er på sin plass, og at det hastar med å få på plass ei garantiordning.

- For passasjerane er det jo ein frykteleg kjedeleg situasjon, der dei risikerer å betale for ei vare som dei ikkje får.

Han fortel at det var mange frustrerte telefonar da alle flygingar vart innstilt i januar. - Det var mange som følte seg snytt den gongen, seier Tveit.