Det er tysdag fortsatt kaos i lufttrafikken og lange køer på Gardermoen. Det påverkar togtrafikken.
- Vi har stor pågang av folk, det er tydeleg at mange har reisebehov mellom Trondheim og Oslo i dag, seier vakthavende informasjonssjef i NSB, Åge-Christoffer Lundeby.
Det er sett opp 500 ekstra sete på Dovrebana som følgje av stor pågang på grunn av flykaoset.
Ståplassar
Både ettermiddagstog og nattog er fulle. På Dovrebana er det sett opp 500 ekstra sete, og NSB kjører med fleire vogner enn dei gjer på ein vanleg tysdag. Likevel blir det ikkje billettar til alle.
- Vi greier ikkje å skaffe plass til alle som ønskjer å reise med oss. På Rørosbana har vi ikkje greidd å skaffe ekstra sete, så der er det ståplassar, fortel Lundeby.
Folk letta
NSB prøver å finne ei ordning for dei som står langs haldeplassane undervegs. Men når det er så fullt som i dag, er det lurt å kjøpe seg plassbillett før ein skal på toget- av omsyn til sin eigen komfort.
Det er mange som er ute og reiser nå, også i samband med haustferien som pågår i store delar av landet.
- Mange som kontaktar oss er letta for at dei får dekt sitt transportbehov, seier Lundeby i NSB.