Lillehammer-regionen skal spare pengar på effektivisering av datatenester. Frå 1.juni blir det truleg etablert eit interkommunalt selskap for IKT-tenester i kommunane Lillehammer, Øyer og Gausdal.
Lettare for publikum
Dei nye datatenestene skal gjera kommunane og kommunal informasjon meir tilgjengeleg for innbyggjarane. Samstundes skal prosjektet støtte opp under viktige satsingsområde for næringslivet i regionen, og bidreg til å gjera regionen attraktiv som bu- og arbeidsstad.
For folk utanom kommunane vil den nye ordninga føre til at det blir lettare å få informasjon og opplysningar om Lillehammer-regionen, anten det er som turist eller potensiell tilflyttar. Kommunestyra i dei tre kommunane skal vedta etablering av det interkommunale selskapet i løpet av mai.