Les meir om statsbudsjettet her
Momsen blir sett opp med 1 prosentpoeng frå 24 til 25 prosent. Det betyr at varer og tenester blir dyrare for deg og meg.
Dersom forslaget blir vedtatt vil Norge få den høgaste momsen i Europa.

Finansminister Per-Kristian Foss la fram forslaget til statsbudsjett onsdag.
Aukar toppskatten
Å auke momsen gir staten 6 milliardar kroner i auka inntekter.
Til gjengjeld vil dei blant anna fjerne boligskatten.
Minstefrådraget for lønnsinntekter er foreslått auka frå 24 til 27 prosent. Den øvre grensa blir på 56.000 kroner, mot 47.000 kroner i dag.
Innslagspunktet for toppskatten er foreslått heva til 381.000 kroner.
Konsekvensar
Andre ting som kan få konsekvensar for deg er auka eigenandel på helsetenesten, barnehageplassane blir ikkje billegare og skuleelevane skal etter planen ha fleire timar i klasserommet i løpet av døgnet.