Produsentane av biodiesel på Hadeland er svært fornøgde med forslaget til statsbudsjett.
- Gjennombrot
Regjeringa har lovd bort fem millionar kroner til eit prosjekt der ein skal produsere biodrivstoff med basis i råstoff frå landbruket.
- Det er akkurat det vi har tenkt å gjera på Hadeland, seier ein glad direktør i Habiol AS, Terje Johansen.
- Dette er eit dundrande gjennombrot for det vi har arbeidd med dei siste ti åra, strålar direktøren.

Torild Skogsholm (Foto: Gunnar Sandvik)
Biodrivstoff
Hyppige møter med politikarane har gjeve resultat.
- Dette er ein god start, som gir oss legitimitet, og det kjem til å koma meir pengar, trur Johanssen.
Samferdsleminister Torild Skogsholm har tidlegare sagt at ho vil satse på biodrivstoff, og det gir grunn til optimisme på Hadeland.
- Vi skal produsere biodrivstoff innan eit år, lovar Terje Johansen.