Hopp til innhold

Drapssikta mann blir varetektsfengsla i fire veker

Mannen som er sikta for drapet på Bård André Spildrejorde i Nord-Odal blir varetektsfengsla i fire veker.

Fengslinga blir grunngjeve med fare for øydelegging av bevis.

Det var 14. mars at politiet fekk melding om at ein person var hardt skadd på ei hytte i Nord-Odal i Innlandet. Då politiet kom til staden, vart Spildrejorde bekrefta død.

Mannens forsvarar, John Christian Elden, skriv i ein SMS til NRK at hans klient ikkje erkjenner straffskuld. Dei vurderer no om dei skal anke varetektsfengslinga.

Flere saker fra Innlandet