– Dovrebanen er stengd ved Otta på grunn av opphoping av is. Elva har grave seg inn mot det søre landkaret på jernbanebrua, seier Olav Nordli, pressevakt i Bane Nor.
Is i elva har demt seg opp, og dei siste dagane har Ottaelva tatt nye vegar og grave seg innover mot land.
Brua er sperra av og det blir jobba på staden tysdag formiddag.
Foto: Even Lusæter / NRKNatt til tysdag bestemte Bane Nor seg for å stenge Dovrebanen ved Otta bru mellom Vinstra og Otta.
– Vi har stengt banen for å kunne avklare situasjonen nærare, seier Nordli.
Bevegelse i brua
Det er oppdaga bevegelse i landkaret på jernbanebrua.
No blir det jobba med å stabilisere og gjere tiltak rundt brua. Tysdag kveld opplyser Philippe Olivier frå Bane Nor at brua har flytta på seg 10 centimeter.
– Vi setter inn alle tiltak nå for å stabilesere brua, seier Olivier.
Philippe Olivier frå Bane Nor stadfester at brua har flytta på seg.
Foto: Arne Sørenes / NRKHan frykter ikkje at brua vil kollapse.
– Nei, det trur eg ikkje. Vi meiner vi gjer riktige tiltak no.
Bane Nor trur brua kan opne tidlegast onsdag 5. februar.
Dei varslar ei ny oppdatering om situasjonen om ni dagar, torsdag 30. januar.
– Dette er ein situasjon vi tek veldig alvorleg. Vi set inn alle tilgjengelege ressursar på dette no, seier Nordli.
Tysdag blir det jobba med å fjerne isen som har demt seg opp i elva.
Foto: Even Lusæter / NRK- I 2023 raste ei anna jernbanebru på Dovrebanen saman. Her kan du lese kvifor.
Buss for tog
Alle tog mellom Trondheim og Oslo er som følgje av dette innstilt mellom Dombås og Vinstra på ubestemt tid.
Det blir køyrd buss for tog på strekninga, men ein må rekne med forseinkingar, melder SJ Norge som trafikkerer strekninga.
Dovrebanen vart stengt natt til tysdag.
Foto: Even Lusæter / NRK– Det blir jobba med å rette feilen og få oversikt over situasjonen, men vi veit ikkje kor lang tid dette vil ta, seier Henrik Forseth, pressevakt ved SJ Norge.
– Det er ei trafikkert strekning, og vi ser alvorleg på alle stengingar av banestrekningar vi trafikkerer, seier Forseth.