Hopp til innhold

– Dei kan angripe om dei føler seg trua

Skal du på tur i fjellet eller i skogen i sommar? Då bør du vere førebudd på å møte på beitande dyr.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

BEITEDYR: Ein ventar storinnrykk av turistar i fjellet i sommar. Men korleis skal ein oppføre seg når ein møter dyr på beite?

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Treff du på ei ammeku med kalvar, bør du vere ekstra forsiktig og ikkje presse deg på.

Det seier Olav Reksen, professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Han har lang erfaring med kyr og deira åtferd.

Olav Reksen

HALD AVSTAND: Professor Olav Reksen ved NMBU anbefaler folk å halde avstand til beitedyr i fjell og utmark.

Foto: nmbu.no

I sommar har mange tenkt til å feriere i Noreg. Dersom du skal gå i fjellet eller i skogen, bør du vere førebudd på å møte på beitedyr.

Og kva gjer ein, når det står ei ku på 600 kilo framfor deg?

1. Hald avstand

Reksen seier at dyr med kalvar, anten om det er ville elgkyr eller tamme ammekyr, vil kunne angripe dersom dei føler seg trua.

Han seier at det luraste du gjer når du møter kyr i fjellet er å halde avstand.

– Dersom dei har okkupert stien, så er det klokare å gå utanom enn å prøve å brøyte seg veg gjennom flokken.

Foto: Berit Keilen / NTB scanpix

IKKJE FARLEGE: Dyra er i utgangspunktet ikkje farlege, men kan angripe dersom dei føler seg trua.

Foto: Berit Keilen / NTB scanpix

Reksen får støtte frå Christian Meyer som er kubonde på Totenåsen.

– Du skal halde deg på avstand og la dei bestemme om dei vil helse på deg, seier Meyer.

2. Ha hunden i band

Menneskets beste ven er kanskje ikkje kyrne sin beste ven. Å passere kyr med hund kan vere risikabelt. Spesielt dersom hunden ikkje går i band.

– Lausbikkjer er ikkje smart. Er hunden ute og ertar på seg kyrne, er hunden rask til å springe bak deg når det blir skummelt.

Om du går med hund, har du ein endå betre grunn til å gå utanom stien for å unngå å vere for nær kyrne, meiner Reksen.

Foto: Berit Keilen / Scanpix

IKKJE KLAPP: Dersom du ikkje er van med dyr, anbefaler Reksen at ein ikkje klappar dyra i fjellet i sommar.

Foto: Berit Keilen / Scanpix

3. Ikkje klapp beitedyra

Dyra er jo søte, og det kan freiste å gå bort til dyra å klappe dei. Og spesielt om det er dyra som oppsøker deg.

Men Reksen anbefaler å la vere å klappe dyra.

– Eg trur vi kan si det slik at dersom du ikkje er vant med dyr, skal du ikkje klappe dei.

Reksen legg til at bønder kjenner til åtferda til kyr og andre dyr, men for dei som ikkje er vane med beitedyr, anbefaler han å halde avstand og ikkje klappe dei.

Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix

GOD TUR: Hald avstand, vær roleg og ha respekt for dyra.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

4. Vær roleg

Beitedyr er i utgangspunktet ikkje farlege dyr. Dei er tamme, vane til folk og glad i folk.

Bonde Christian Meyer

LA DYRA BESTEMME: – Du skal halde deg på avstand og la dei bestemme om dei vil helse på deg, seier bonde Christian Meyer

Foto: Eskil Andersen / NRK

Dersom uhellet skulle vere ute, og du møter ei ku som blir skremt og vil forsvare seg sjølv eller kalven sin, skal du trekke deg roleg tilbake.

Det er særleg viktig å ikkje stresse dyra.

– Viss kua føler at den ikkje kan trekke seg tilbake er alternativet å gå til angrep, seier Meyer.

Ikkje sjå kua inn i auga eller vis tennene. Det kan kua oppfatte som truande.

Snu deg vekk og gå, men følg med på kva dyret gjer.