Hopp til innhold

Caprino tapte striden rundt Il Tempo Gigante

Aukruststiftelsen har opphavsretten til racerbilen Il Tempo Gigante. Det er klart etter dommen i Høgsterett kom i dag.

Remo Caprino, Il Tempo Gigante (filmbilen)

SOLAN, REODOR OG REMO I RETTSSALEN: Remo Caprino fekk ikkje medhald i Høgsterett. Biletet er tatt under den første rettsbehandlinga i tingretten i Lillehammer.

Foto: Thor Henning Lerstad / NRK

– Eg er veldig glad og letta for at Hunderfossen og Aukruststiftelsen vann i Høgsterett. Dette slår endeleg fast at vi ikkje har misbrukt nokons rettar, seier konsernsjef i Hunderfossen familiepark, Per Arne Slapø til NRK.

Dommen frå lagmannsretten vart i dag oppheva, og gjer at Aukruststiftelsen, og ikkje Caprino Filmcenter AS, har opphavsretten på Il Tempo Gigante.

Det står også i dommen frå Høgsterett at Caprino Filmcenter må betale sakskostnader på over 1,1 millionar kroner.

Dei må òg betale Hunderfossen Familiepark AS over 300 000 kroner.

– Det er klart dette er ein viktig dom for oss. Vi har meint heile vegen at vi har vore på trygg grunn. Men det er klart at denne langvarige rettsstriden har kravd vårt fokus, seier Slapø.

I lagmannsretten vann Caprino, men høgsterett har komme fram til at paragrafen som vart brukt i dommen, ikkje gir Caprino Filmcenter rett til å nekte Aukruststiftelsen eller Hunderfossen å bruke tittelen Il Tempo Gigante.

Konsernsjef Per Arne Slapø i Hunderfossen familiepark.

LETTA: Konsernsjef i Hunderfossen Familiepark, Per Arne Slapø, er både letta og glad etter rettssaka gjekk deira veg.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Forferdeleg spent

Styreleiar for Aukruststiftelsen, Lars Espen Aukrust seier til NRK at det har vore ei spennande tid, men at han er veldig fornøgd med dommen.

Styreleder for Aukruststiftelsen, Lars Espen Aukrust

VANT: Styreleiar for Aukruststiftelsen, Lars Espen Aukrust

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Konsekvensane hadde vore veldig store, så det er klart at vi har vore forferdeleg spent. Det er herleg at det er over, og dommen frå Høgsterett er jo endeleg, så nå veit vi det, seier Aukrust.

Aukrust seier han fekk beskjeden via SMS.

– Det tikka inn ei tekstmelding kor det stod «gratulerer», så da forstod eg det, seier Aukrust.

– Skuffa

Remo Caprino seier til NRK i ein SMS at han er skuffa over dommen.

– Høgsteretts dom er sjølvsagt ein stor skuffelse.

Ifølge VG er det framleis ikkje klart om Hunderfossen har brote markedsføringslova, og at dette spørsmålet vil bli behandla i lagmannsretten.

– Slik eg forstår dommen så langt er saka sendt tilbake til lagmannsretten. Det vil igjen seie at saka ikkje er endeleg avgjort. Eg treng no tid til å gå gjennom Høgsteretts premiss med våre advokatar før eg uttalar meg ytterlegare til media, skriv Caprino.

Saksøkte i 2014

Caprino Filmesenter gjekk til søksmål mot Hunderfossen familiepark etter at dei bygde berg- og dalbana Il Tempo Extra Gigante i 2014.

Remo Caprino meinte den ligna for mykje på den kjende racerbilen Il Tempo Gigante, som faren Ivo Caprino fekk laga til filmsuksessen Flåklypa Grand Prix frå 1975.

I lagmannsretten fekk han medhald, etter at han tapte saka i tingretten.

Flere saker fra Innlandet