Hopp til innhold

Sauefjøs i Vågå brann heilt ned

Eit stort sauefjøs i Vågå brann heilt ned på laurdag. Inne i fjøset var det rundt 200 sauar. Det er uvisst kor mange som er berga ut.

Brann Vågå

STOR UTRYKNING: Brannmannskap frå Vågå, Sel og Lom rykka ut, men greidde ikkje berge fjøset med 200 sauer i.

Foto: Pål Plassen / NRK

Driftsbygninga ligg like ved Rv 15 mellom Vågåmo og Lom, litt nord for Vågåmo sentrum. Det var forbipasserande som oppdaga brannen og fekk varsla brannvesenet. Alle naudetatar rykka ut, men fjøset var fullt overtent da dei kom fram. Brannvesenet greidde ikkje å berge bygninga, men fekk hindra at brannen spreidde seg.

Innsatsleiar på staden, Tor Trønnes, seier til NRK at dei var heldige med at vinden dei siste dagane har løya. Med stille ver vart det lettare å stoppe brannen frå å spreie seg.
Brannmannskap frå både Vågå og nabokommunane Sel og Lom har rykka ut.

Også ambulansar kom til staden, for å sjekke brannmannskap som kunne ha fått i seg røyk.
– Men det virker ikkje som det er nokon personskade, seier Trønnes.

Brann Vågå

LANG AVSTAND: Brannen sett frå Vågå sentrum. Det er vindstille i Ottadalen, og det var difor inga fare for at den skulle spreie seg.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Dyr frakta til nabogardane

Det er sikkert at mange dyr er brent inne, men innsatsleiar Tor Trønnes kan ikkje si kor mange der er. Men nokre er også berga.
Allereie da brannmannskapa kom til staden, hadde enkelte sauar og lam vorte berga ut.
Fleire frivillige har komme til garden for å hjelpe til under brannen. Vår reportar på staden rapporterar om at overlevande sauer og lam er tatt over til nabogarden, og køyrd vekk til andre fjøs der dei kan vere.

Erik Trønnes Innsatsleiar, politiet i Innlandet

INNSATSLEIAR: Tor Trønnes fortel at mange dyr er brent inne i fjøset i Vågå.

Foto: Pål Plassen / NRK

Brannen skjedde altså medan dei fleste søyene har fått lam, men sidan det er så sein vår i fjellbygdene, hadde dei ikkje vorte slopne ut på jordet ennå.
Årsaka til brannen er ikkje kjent. – Det blir heller ikkje så lett å finne ut av, sidan fjøset er brent heilt ned, seier Tor Trønnes.

Brann Vågå

STOR UTRYKNING: Brannmannskap frå Vågå, Sel og Lom rykka ut, men greidde ikkje berge fjøset med 200 sauer i.

Foto: Pål Plassen / NRK

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen