Hopp til innhold

Ber foreldre sleppe ungane fri

Han har ikkje ungar sjølv, likevel tek han foreldre i skule om barneoppseding. Kronikken der Knut Aastad Bråten ber foreldre sleppe opp på organisering og aktivisering av sine håpefulle er den mest leste i Aftenposten denne veka.

Knut Aastad Bråten byline

Knut Aastad Bråten skapar stort engasjement med sin kronikk om barneoppseding.

– Ein kan bli skulda for å vere moraliserande med ein gong ein pratar om barneoppseding og korleis ein skal oppføre seg, men den sjansen må ein ta.

Knut Aastad Bråten, valdris, forfattar og redaktør i Syn og Segn, stakk hovudet inn i eit kvefsebol da han denne veka kom med klare meiningar om familielivet i ein kronikk i Aftenposten.

Her skildrar han ein oppvekst med feriar med bestemor på stølen. Ei bestemor som ikkje var entertainer eller aktivitør, berre ein vaksen som var til stades ved behov.

Men kvifor må alle timane fyllast med noko? Kvifor må vi styre og legge til rette - heile tida? Er vi dårlege føresette om ungane lyt ordne leiken sjølv?

Knut Aastad Bråten i Aftenposten 9/8

Meiner ungar får bestemme for mykje

Han meiner at barn og unge i dag blir overstimulert, overvurdert og overaktivisert. Dei blir skyssa rundt på alle slags moglege tiltak av foreldre med dårleg samvit for å få mest mogleg kvalitetstid. Samtidig tek han til orde for litt mindre familiedemokrati, ungane treng ikkje å få vere med og bestemme alle detaljar i sitt eige liv.

Aastad Bråten innrømmer at det er lett å bli nostalgisk og sjå attende på si eiga tid, og seie at alt var betre før.

– Eg meiner ikkje at alle skal søkje i katalogar etter ledige bestemødre på fjellet. Men det må gå an å la seg inspirere av korleis barneoppseding var før.

2014-ungane er i ferd med å bli passive, utslitne og kresne underhaldningskonsumentar der ingen ting lenger er bra nok.

Knut Aastad Bråten i Aftenposten 9/8

– Kvalifisert for å meine

Han fortel at han stort sett har fått positive attendemeldingar, og mange har takka han for at han tok det opp. I arbeidet med kronikken har han fått fleire skildringar om tidsklemma og aktivitetar som kveler familieidyllen.

– Andre seier at eg ikkje kan meine dette, som ikkje har ungar sjølv. Da svarar eg at eg har vore lærar i kulturskulen og har vener med ungar. Eg observerer frå sidelinja, så kanskje har eg eit litt anna blikk enn ein vanleg forelder, og slik sett meiner eg at eg kvalifisert for å meine.

Likevel understrekar han at han ikkje sit med fasiten for vellykka barneoppseding i 2014.

– Eg skal ikkje sitje på ein høg hest og seie at det er lett å oppdra ungar.