Hopp til innhold

Banebrytande forskning på hjartesjukdommar

BOSTON/NRK: Lege og forskar Ivana Hollan ved Revmatismesjukehuset på Lillehammer står bak banebrytande forskning som viser at ein bakterie kan vere årsak til hjartesjukdommar.

ivana hollan i boston/harvard FRA RUBRIKKTEKST: Hjerte- og karsykdommer er den vanligste dødsårsken i Norge, og revmatikere får oftere slike sykdommer enn andre. En lege ved Revmatismesykehuset i Lillehammer står bak banebrytende forskning som har påvist at hjertesykdommer kan skyldest en bakterie. Nå er hun blitt invitert til Boston for å forske videre ved ett av verdens mest prestisjefylte universiteter:

HARVARD: Ivana Hollan frå Lillehammer er gjesteforskar ved Harvard Medical School i Boston. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK.

I mange år har legen og forskaren med tjekkisk bakgrunn forska på samanhengen mellom revmatisme og hjartesjukdommar. Pasientar med ulike revmatismediagnoser har nemleg større risiko for å få hjarte- og karsjukdommar enn andre, og Hollan har lenge prøvd å finne ut kvifor.

No er ho blitt invitert til Boston for å forske vidare ved eitt av dei mest prestisjefulle universiteta i verda.

Vi forskar på kva som var grunnen til dette, og konsentrerer oss først og fremst om betennelse i hjarte-karsystemet. Eitt av funna våre er at vi har påvist at ein bakterie i karveggen kan vere ein mogleg årsak til hjarte-karsjukdommar.

Harvard Medical School

UNIVERSITETET: Harvard Medical School er eitt av dei mest prestisjefulle universiteta i verda.

Foto: arne sørenes / nrk

Til Harvard

Ivana Hollan fortel med stor entusiasme om forskninga ho er leiar for ved Revmatismessjukehuset på Lillehammer. Det byrja som ei doktorgradsavhandling, og har sidan ført til fleire doktorgrads- og postdoc-prosjekt i inn og utland. Dei seinare åra har Revmatismesjukehuset hatt eit tett samarbeid med hjartespesialistane ved Feiringklinikken.

Matthew H. Liang

PROFESSOREN: Matthew H. Liang er professor i medisin ved Harvard Medical School, samt professor i helsepolitikk og leiing ved Harvard School of Public Health. Det var Liang som inviterte Hollan til Boston.

Foto: arne sørenes / nrk

No er ho altså invitert til Harvard Medical School i Boston som gjesteforskar i eitt år. Målet er å fordjupe seg i forskninga og knyte kontaktar som kan vere gode å ha i framtida.

– Eg håpar å bli inspiriret til å starte nye prosjekt, samt inspirere andre til ny forskning, avsluttar Ivana Hollan.

Flere saker fra Innlandet