Hopp til innhold

Aukande interesse for bioenergi

Det er nå så stor interesse for fornybar energi i landbruket, at Innovasjon Noreg ikkje lenger tar imot nye søknader til slike prosjekt mellom 1. mai og 1. november.

Ole Stian Hvamstad, dagleg leiar i OK Varmeteknikk seier at det er stor interesse:

– Det er moro å vere leverandør om dagen, men ikkje lett å svare alle og følge opp alle. Vi er små firma alle saman som driv med dette. Når etterspurnaden tredoblar seg, så har ein ikkje kapasitet til å ta unna alt, men vi gjer så godt vi kan.

Det er fleire bønder i Innlandet som allereie er i gang med flisfyring.

Mange hinder for bioenergi
Foto: Even Lusæter / Nrk