Hopp til innhold

Svevde over Jotun­heimen i luft­ballong

Anders Baumberger har vore besett av å flyge sidan han var liten. No har han sett fjelltoppane i Jotunheimen frå ei korg på nesten 4000 meters høgde.

Anders Bamberger køyrde luftballong over Jotunheimen

BALLONGFERD: Ballongferda gjekk frå Turtagrø til Valdresflye. Avstanden er på om lag 55 kilometer. Turen tok rundt 2 timar. På det høgaste var ballongen på rundt 12.000 fot, altså 3600 meter.

Foto: Anders Baumberger

Det er litt teikneserie over det med å flyge ballong. Det er noko litt retro over det her i ei tid kor ting skal gå fort og vere lett.

Det seier Anders Baumberger. Når NRK snakkar med han er han på tur i Østmarka i Oslo og prøver å lande igjen etter opplevinga søndag kveld.

Anders Bamberger køyrde luftballong over Jotunheimen
Foto: Anders Baumberger

Målet var å sjå toppane i fjellområdet Hurrungane frå korga.

Saman med ballongførar Poa Ekeblad og Erik Sundheim, sette dei til vers ved Turtagrø søndag kveld og landa seinare på Valdresflye.

Ein 14 år gamal draum

Baumberger er friluftslivsentusiast, lektor og forfattar av «Turboka». Han fortel at han var besett av tanken på å flyge då han var liten. Han begynte seinare med paragliding – noko kona meinte han måtte slutte med då han vart familiefar.

Så då begynte eg med luftballong. Det er ikkje noko ein berre begynner med utan vidare, så då må ein finne seg nokon gode venner som har sertifikat for den slags, seier han.

Poa Ekeblad

SIKKERHEIT: Poa Ekeblad fortel at dei har stort fokus på sikkerheit. På ruta har dei sett seg ut mange plassar å naudlande. Og det er ein bil som følger dei heile tida som slår alarm hos Hovudredningssentralen om dei ikkje får kontakt.

Foto: Erik Sundheim / Privat

Då kom kompis og luftballongførar, Poa Ekeblad inn i bilete. Han hadde svevd over Jotunheimen ein gong før. Men aldri over Hurrungane.

Og det viste seg at Ekeblad hadde drøymt om nettopp det i 14 år.

– Eg har gått og sett på kartet og venta på vêr sidan 2010. Dei fjella i Hurrungane er så fantastiske. Det er så alpint terreng. Så utruleg flott utsikt, rett og slett, seier Per Ekeblad.

Mykje måtte klaffe

Første forsøk på å komme seg over fjellområdet skjedde i vinter. Då hadde dei lagt ut ballongen og var klare før det kom kastevindar som tok tak i ballongen deira.

Vi måtte pakke saman meir eller mindre i ho og hast før det vart enno sterkare vind. Det er litt som ein fjelltur. Viss vêret seier at ein må snu, så snur ein, seier Anders Baumberger.

Gjende

UTSIKT: Frå ballongen kunne dei sjå Gjende med Besshøe og Besseggen i Jotunheimen. Ein ser også Rondane i det fjerne.

Foto: Poa Ekeblad

Det er mykje som må klaffe fortel dei to. Ballongen er avhengig av perfekte vind- og verforhold. Og ein kan aldri vere heilt sikker på kor vinden tek dei. Denne gongen låg alt til rette.

Klar luft, bra sikt, svak vind på bakken. Og så akkurat i går hadde vi ein påliteleg, ganske kraftig vind frå vest mot aust i høgda. Det er som sagt den kombinasjonen eg har venta på i 14 år nå, fortel Poa Ekeblad.

Luftballong over Jotunheimen

12.000 FOT: Ballongen fekk ei maksfart på rundt 40 kilometer i timen og fekk maks høgde på 12.000 fot. Ballongføraren fortel at dei må ha klarering for å flyge over 13.500 fot. Det var ikkje naudsynt.

Foto: Anders Baumberger

Etter om lag to timar i ballongkorga landa dei om lag 100 meter frå kafeen på Valdresflye.

Det er alltid godt å stå på bakken, men det er ikkje nervepirrande å fly i ballong. Han er veldig opptatt av sikkerheit. Vi tok ingen sjansar, seier Anders Baumberger.

Ballong over Jotunheimen

LANDING: Ballongen landa som planlagt på Valdresflye like før midnatt søndag kveld.

Foto: Poa Ekeblad

Les også Bruker sommerferien på å ro til Afrika

Ror til Afrika.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen