Den aller fyrste Røde Fjær-aksjonen i 1966 var til inntekt for Beitostølen Helsesportsenter. I år vil Lions sin Røde Fjær-aksjon arrangere ein storstilt innsamlingsdugnad for eit kreftsenter; Montebello-Tunet i Mesnali.
Førebygging av kreft
Det faktum at kvar tredje nordmann får kreft, får Lions til å gje inntektene frå aksjonen til krefttiltak. Egil Moe-Helgesen i Lions Røde Fjær seier dei treng minst 40.000 bøssebærarar for å få inn nok pengar, men at dei håpar på mange fleire.
Montebello-Senterer i Ringsaker driv allereie med rehabilitering av kreftpasientar. Det nye Montebello-Tunet skal ha eit sterkt fokus på førebygging av kreft.

Minst 40 millionar kronar må finne vegen til bøssene for å få bygt ut det nye kreftsenteret Montebello-Tunet.
Innflyttingsklart 2006
Dersom bøssebærarar får inn minst 40 millionar kroner, vil ein ta til å bygge det nye kreftsenteret allereie i haust.
- I såfall vil Montebello-Tunet stå klart til innflytting i 2006, fortel Egil Moe-Helgesen i Lions Røde Fjær.
Innsamlingsaksjonen går av stabelen søndag 28. mars.