Hopp til innhold

15 år sidan OL på Lillehammer

Klokka 17.39 i dag er det 15 år sidan kronprins Haakon Magnus tente den olympiske elden. Kva hugsar du frå OL?

Åpningsseremonien, OL på Lillehammer

I dag er det nøyaktig 15 år sidan opningsseremnonien under OL på Lillehammer.

Foto: Ukjent / Scanpix

Lyd: Kva hugsar folk eigentleg frå OL på Lillehammer? (NB! Høg mimrefaktor...)

Ljos, dokker og folkeliv

Vi har vore ute og snakka med folk om kva som er deira OL-minne, her er noko av det folk hugsar best:

- Det eg hugsar best er det strålande vèret og folkehavet. Det var ei heilt spesiell stemning over alt.

- Kvelden før OL starta kom eg kjørande ned frå Sjusjøen mot Lillehammer. Da var dei nordlysaktige ljosa tent på sportsplassen. Da kom OL-kjensla over meg, det sit fast enda, det var ei heilt spesiell kjensle.

- Eg hugsar best dei dokkene, Kristin og Håkon. Eg var berre fire år den gongen, så det er nok dokkene eg hugsar best.

- Det var akkurat slik vèr som det er nå. Klart og fint, men svært kaldt. Så vèret vi har hatt dei siste dagane gjev OL-stemning.

- Folk hugsar berre Lillehammer

Lillehammer

Det er ikkje så mykje anna enn vèret som minner om OL i gågata i Lillehammer, 15 år etter.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Fortsatt kjem mange turistar til Lillehammer for å sjå og oppleve OL-stemninga. Mange av desse hamnar hjå Åge Dalby på OL-museet.

- Storparten av dei som kjem hit er utlendingar, og dei er framleis begeistra. Det er ingen som hugsar Nagano i 1998, Salt Lake City i 2002 eller Torino i 2006, det er Lillehammer alle hugsar, seier han.

Dalby trur at OL på Lillehammer har påverka dei fleste i byen, anten dei vil det eller ikkje.

- Folk er stort sett stolte og glade over det som skjedde for 15 år sidan. Samtidig er det nok ein del som er lei av alt pratet om OL, og vil ha byen attende slik den var, seier Åge Dalby.

Kva hugsar du best frå OL på Lillehammer? Skriv di historie nedanfor!

Flere saker fra Innlandet