Hopp til innhold

Kripos tar opp att Tonsåsen-drapet

25 år etter at Knut Øyvind Mo vart drepen i bustaden sin på Tonsåsen, tek politiet opp att etterforsikinga av saka. Mo vart funne i huset sitt som var nedbrent og seinare viste det seg at han var skoten før brannen.
Dei siste vekene har Kripos intensivert arbeidet, seier politiadvokat i Innlandet politidistrikt, Ina Grande Nordberg, til avisa Valdres. Ho fortel at Kripos nå går gjennom alt materialet på nytt, og da har dei identifisert biologisk spormateriale.
– Målet er å oppklare også denne drapssaka, seier Grande Nordberg. Bildet er frå etterforskinga like etter brannen.

Tonsåsendrapet
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Flere saker fra Innlandet