Hopp til innhold

Sisdajve - Landet innafor

Fylkestinget i Innlandet vedtok i går eit sørsamisk namn for Innlandet.
Namnet er Sisdajve og fylkeskommunen heiter Sisdajven fylhkentjïelte. Det tyder «Landet innafor».
Nå går det ein søknad til Kommunal- og distriktsdepartementet, og truleg kan Sisdajven fylhkentjïelte presenterast som samisk namn i 2025.
Det nye namnet skal stå på fylkeshus og logoar, og det kan og få følger for skilting av vegar. Fylkeskommunen samarbeider med Engerdal, der dei sørsamiske innbuarane i Innlandet i stor grad bor. Engerdal arbeider for å bli forvaltningskommune for samisk språk på same måte som nabokommunen Røros.

Samisk flagg vaier på stang med snøkledde trær og sol i bakgrunnen

Flere saker fra Innlandet