Hopp til innhold

Økonomisk vanskeleg for Peer Gynt

Til saman 11.500 tilskodarar mista sjansen til å sjå Peer Gynt på Gålå i førre veke, da 5 førestillingar vart avlyste, skriv GD.

Onsdag sende Peer Gynt ut ei melding til alle som ikkje fekk brukt billettane sine. Dei kan enten få eit gåvekort på pengane dei har brukt på billettane og eventuelt kjøpe nye billetter neste år for det. Eller de kan bli med på ein dugnad og ikkje få gåvekort.

En juridisk vurdering av situasjonen har konkludert med at dette er å rekne som såkalla force majeure (særlege omstende som ikkje er under menneskeleg kontroll og som det på førhånd er klart at nokon ikkje kan stoppe.)

Peer Gynt har nå store økonomiske utfordringar, og direktør May Brit Støve seier dei har bedt om eit møte med kulturdepartementet om stoda. Statssekretær Even Alexander Hagen seier det ikkje finnast støtteordningar, men at dei likevel vil sjå på kva moglegheiter som finnast.

Maja Christansen spiller i Peer Gynt på Gålå.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Flere saker fra Innlandet