- Tsjernobyl kan ha ført til lågare IQ

Nordmenn som vart utsett for stråling frå Tsjernobyl da dei var foster, scorar dårlegare på IQ-tester. Det viser nye forskningsresultat.

Tsjernobyl

26. april 1986 eksploderte ein av reaktorane ved kjernekraftverket Tsjernobyl. Store mengder radioaktivt materiale fanst att i Noreg, spesielt i fjellområde i midt- og aust-Noreg.

Foto: ALEKSANDER NORDAHL / Scanpix

Det er testar gjort av 84 18-åringar i Oppland og Nord-Trøndelag som viser dette. Det skriv Aftenposten i dag.

Dei to fylka var blant dei som var hardast utsett for stråling etter atomulykka i Tsjernobyl.

– Våre funn tydar på at sjølv låge stråledoser kan ha konsekvensar for utviklinga av hjernen i den mest sensitive delen av svangerskapet.

Det seier psykologiprofessor Bjørn Rishovd Rund og stipendiat Kristin Sverdvik Heiervang ved Universitetet i Oslo til avisa.

Skilnad på fem IQ-poeng

I samband med forskingsprosjektet vart også 94 18-åringar frå Oslo og Akershus, som ikkje var spesielt utsett for Tsjernobyl-stråling, undersøkt.

Resultata viser at 18-åringane i Oppland og Nord-Trøndelag har ein gjennomsnittleg IQ-score på 100, mot 105 i kontrollgruppa.

– Vi kan ikkje seie 100 prosent sikkert at årsaka er den radioaktive strålinga. Fleire faktorar kan ha virka inn, men det radioaktive nedfallet er det som mest sannsynleg kan ha bidrege til dette resultatet, seier Rund til Aftenposten.

Strålevernet vil følgje opp

Forskarane understrekar at dei ikkje kan slå fast at radioaktivt nedfall er årsaka til resultata dei har funne, men meiner dette bør føre til vidare forsking på området.

– Mange har vore skråsikre på at så låge stråledoser ikkje kan ha effekt. Vi meiner at vår studie viser at ein ikkje kan vere så sikker, seier dei to forskarane.

Statens Strålevern seier til avisa at dei er overraska over funna, og at dette bør følgjast opp med større undersøkingar.