Hopp til innhold

- Norske våpen blir brukt av Israel

Sosialistisk Ungdom påstår at våpen laga på Raufoss blir brukt av israelarane på Gaza.

Angrep på FN-skole i Gaza by

Sosialistisk Ungdom hevdar at norskproduserte våpen blir brukt av Israel under kampane i Gaza.

Foto: SEBASTIAN SCHEINER / AP

Det var under ein demonstrasjon på Lillehammer i går kveld, at nestleiar i Lillehammer Sosialistisk Ungdom, Brage Pedersen, hevda at Israel brukar våpen produsert på Nammo på Raufoss.

-Den israelske hæren brukar våpendelar produsert på Raufoss, som dei har fått tak i gjennom USA. Desse brukar dei til å sprenge bein og armar av sivile palestinarar på Gaza, var kraftsalva Pedersen kom med under demonstrasjonen.

- Kan ikkje vite kvar dei blir brukt

Konserndirektør i Nammo-gruppen, Johannes Norheim, kan korkje stadfeste eller avkrefte at våpen frå Raufoss blir brukt under krigen på Gazastripa.

- Eg kjenner ikkje til kva våpen som blir brukt i denne situasjonen, seier han.

Norheim fortel at dei leverer forskjellige våpendelar til USA, og dei derfor ikkje kan utelukka at også Israel brukar våpena.

Han hevdar det er vanskeleg å ha kontroll over kvar Nammoproduserte våpen og våpendelar blir brukt.

- Det har vi ikkje noko konkret oversikt over.

- Arrogant og likegyldig

Den norske staten eig halvparten av våpen og ammunisjonsprodusenten Nammo.

Brage Pedersen i Sosialistisk Ungdom på Lillehammer meiner den raud-grøne regjeringen har eit stort truverdsproblem, dersom norskproduserte våpen blir brukt av Israel mot palestinarane.

- Dette kan vi ikkje godta, så arrogant og likegyldig kan ikkje Noreg framstå, seier Pedersen.

Fakketog til støtte for Palestina i Lillehammer

Over 600 personar deltok i fakkeltog til støtte for Palestina på Lillehammer i går kveld.

Foto: Arvid Torsgard