Hopp til innhold

- Harlem må rive tilbygget

Men må hugse å søkje fyrst.

Harlem får dagbøter

Erik Harlem si hytte i Lunner

Erik Harlems hytte i Mylla.

Foto: Ulf Erik Hansen / NRK

- Eg har ikkje høyrt noko om at spørsmålet om hytta til Erik Harlem i Lunner skal bli behandla politisk på nytt. Det seier ordførar i kommunen, Anders Larmerud frå Høgre.

Dermed står dei tidlegare vedtaka frå utviklingsutvalet fast, og Gro Harlem Bruntlands bror må rive tilbygget på hytta si på Mylla i Lunner.

Munnleg godkjenning

I dag kunne NRK fortelje om mangemillionær Erik Harlem, og hans hyttefeide med Lunner kommune. Harlem og hans advokat Håkon Schiong meiner han berre har bygd på tak over ein tom del av hytta si på Mylla, og meiner han har fått ei munnleg godkjenning frå kommunen.

Dette avviser ordførar Anders Larmerud, som seier at Harlem eventuelt berre har fått godkjenning til ei foreløpig løysing.

- Må søkje fyrst

Nå blir Erik Harlem bøtelagt med 1000 kroner dagen fordi han ikkje har følgd kommunens pålegg om å rive tilbygget på hytta. Denne tvangsmulkta starta 1.juni, og dermed har kommunen sålangt bøtelagt han med 23 000 kroner.

- Vi forventar at Harlem vil ta affære, og følgje vedtaket som er gjort i kommunen, seier Larmerud.

Men paradoksalt nok må Harlem søkje kommunen om å få lov til å rive hytta før han kan setje i gang med det.

Ordføraren innrømmer at hytta har vorte penare etter at tilbygget vart oppført, men seier at det ikkje kan overskygge gjeldande lovar og regelverk.

- Vi håper han har respekt for dei lovane som er, og forventar at han riv dette snarest, seier ordførar Anders Larmerud.

- På grunn av namnet

Årsaken til at Harlem vil byggje på er at inngangspartiet på hytta har vorte liggjande i ei slags u-form utan tak. Det har ifølgje advokat Håkon Schiong ført til at det samla seg opp svært mykje snø framfor inngangen.

Schiong meiner Harlem blir behandla ekstra strengt av kommunen på grunn av namnet sitt.

- Det virkar som om dei har bestemt seg for at det ikkje er aktuelt å gå attende for å sjå på ting med nye auger i denne saka, seier Schiong.

- Kvifor rettar ikkje Erik Harlem seg etter dei vedtaka som kommunen har gjort

- Harlem ynskjer å utnytte alle dei moglegheitene som eksisterer til å påklage eit forvaltningsvedtak, og eventuell rettsleg prøving av dette, seier Schiong.

Schiong understrekar at Harlem vil betale bøtene, dersom kommunens vedtak blir kjent gyldig, men at dei er innstilte på å køyre denne saka til retten.