Hopp til innhold

Harlem får dagbøter

Vil ikkje rive ulovleg tilbygg på hytta si i Lunner.

Mangemillionær Erik Harlem blir bøtelagt med 1000 kroner dagen fordi han ikkje følgjer pålegg om å rive eit ulovleg tilbygg på hytta si i Lunner kommune.

Harlem er bror til tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland.

- Hadde munnleg godkjenning

Den langvarige hyttefeida mellom Harlem og Lunner kommune starta i 2003. Da søkte han om å få gjere endringar på fritidsbustaden ved Mylla i Lunner. Dette vart avslått av kommunen og seinare av Fylkesmannen.

To og eit halvt år seinare, i november 2006, oppdaga kommunen at eit påbygg likevel hadde vorte oppført.

Ifølgje Harlems advokat, Håkon Schiong vart påbygget oppført i god tru, fordi han munnleg skal ha fått godkjent planane i 2004.

- Eg, som Harlems advokat, trudde saka var avslutta i 2004 da Harlem fekk godkjenning, og saka vart arkivert på mitt kontor og avslutta, seier Schiong.

Håkon Schiong

Advokat Håkon Schiong, meiner Erik Harlem blir straffa på grunn av namnet sitt.

Foto: NRK

Dette blir avvist av fungerande leiar for arealforvaltninga i Lunner kommune, Kari Anne Steffensen Gorset.

- Det har vorte vurdert gjennom saksgangen om ei slik munnleg godkjenning har vorte gjeve, og det er avklart at han ikkje har fått det, hevdar Gorset.

- På grunn av namnet

Årsaken til at Harlem vil byggje på er at inngangspartiet på hytta har vorte liggjande i ei slags u-form utan tak. Det har ifølgje Schiong ført til at det samla seg opp svært mykje snø framfor inngangen.

Advokat Schiong meiner Harlem blir behandla ekstra strengt av kommunen på grunn av namnet sitt.

- Det virkar som om dei har bestemt seg for at det ikkje er aktuelt å gå attende for å sjå på ting med nye auger i denne saka, seier Schiong.

- Kvifor rettar ikkje Erik Harlem seg etter dei vedtaka som kommunen har gjort

- Harlem ynskjer å utnytte alle dei moglegheitene som eksisterer til å påklage eit forvaltningsvedtak, og eventuell rettsleg prøving av dette, seier Schiong.

Dagbøter

Nå har kommunen pålagt Harlem å betale bøter på 1000 kroner dagen fram til påbygget har vorte reve. Schiong understrekar at Harlem vil betale bøtene, dersom kommunens vedtak blir kjent gyldig.

Og Kari Anne Steffensen Gorset i Lunner kommune tykkjer det er på tide at denne saka får ei avklaring.

- Det er tidkrevjande å følgje opp slike saker. Det kan gå utover andre saker vi har, og folk som søkjer om tiltak på ordinær måte, seier Gorset.

- Ei belastning

NRK har vore i kontakt med Harlem, men han ynskjer ikkje å bli intervjua i denne saka. Han seier at saka er ei belastning for han, men at han ikkje kjem til å gje seg.

Det blir også understreka av hans advokat.

- Vi er innstilt på å køyre denne saka til "the bitter end", seier Håkon Schiong.

Flere saker fra Innlandet