Hopp til innhold

- Håpar Mio fortsatt er i live

Familien trur den sakna Mio Yngve Holden kan ha haika til Oslo.

Den savnede Mio Yngve Holden
Foto: privat

På ettermiddagen sundag 4.januar vart Mio Holden sett i Hafjell, og han brukte også minibankkortet sitt.

Etter dette har ingen sett den 23 år gamle Oslo-guten, og mobiltelefonen hans har heller ikkje vore i bruk.

- Vårt håp er nå at han kan ha fått haik ned frå Gudbrandsdalen på ein eller annan måte, seier faren, Frode Holden.

Resultatlaus leiteaksjon

Da 23-åringen vart meldt sakna vart det sett i gang ein omfattande leiteaksjon . Det vart gått manngard, leitt med hundepatruljer og fleire titals hytter har vorte gjennomgått. Også synske personar har vorte brukt i håp om å finne Mio, men det er få spor å gå etter.

- Vi vil nå henge opp plakatar i Oslo, og håpar at dette saman med bilete i media kan gjere at nokon hugsar han, seier Frode Holden.

- Trur de at han er i live?

- Vi lev fortsatt i håpet om at han er det.

Etterlyst i Sverige

Savnet Mio Holden

Familien har nå laga ein plakat som dei vil henge opp rundt om i Oslo.

Foto: Facebook

Familie og vener har også starta ei Facebookgruppe i leitinga etter Mio Holden. Nærare 2000 personar har meldt seg inn, og folk blir bede om å ta kontakt med politiet dersom dei veit noko om kvar han kan vere.

Frode Holden seier at sonen hadde ei lita konflikt med familien før han forsvann, men at han ikkje trur det er årsaka til at han nå er sakna. Mio er også meldt sakna i Sverige, ettersom han tidlegare gjekk på skule i Charlottenberg.

- Kva trur de kan ha skjedd med han?

- Vi trur kanskje at han gøymer seg unna, men vi veit ikkje kvifor. Han hadde avtalt med kjæresten at han skulle kome attende sundag, og gav heller ikkje uttrykk for noko anna da eg snakka med han fredag.

Mio Holden er 164 cm høg, veg 55 kilo og snakkar austlandsdialekt. Nå håpar faren at nokon vil leggje merke til sonen.

- Kva vil du seie til Mio dersom han høyrer på radio eller ser dette på internett?

- Ta kontakt med oss.

Flere saker fra Innlandet