Hopp til innhold

NRK legg ned langbølgesendaren på Ingøy

Langbølgesendaren på Ingøy utanfor Hammerfest blir lagt ned 1. desember 2019.

Den 362 meter høye langbølgemasten på Ingøy i Finnmark

Den 362 meter høge langbølgemasta på Ingøy i Finnmark vart i si tid sett opp for fiskeflåten og skipsfarten, men desse får med seg vêrmeldinga på anna vis enn langbølge i dag.

Foto: Allan Klo / NRK

Lyttinga via denne sendaren er så låg at NRK ikkje synest det er forsvarleg ressursbruk å halde fram med drifta. Sendaren har distribuert NRK P1 (NRK Finnmark) med utvida vérmeldingar.

Slik kan du sjekket vêret:

  • Tenesta «NRK Været til sjøs» blir distribuert over satellittene Thor 6 og ASTRA 4A. Der går vêrvarsel for havområda i loop heile døgeret. Varselet oppdaterast normalt to gonger i døgnet (formiddag og kveld), med mindre ekstremvêr krev hyppigare oppdateringar.
  • På DAB finst tenesta «NRK Vær» som ein eigen kanal. NRK har tre ulike versjonar: «NRK Vær sør», «NRK Vær Vest», «NRK Vær Nord». Varsla er tilpassa kystfiskeflåten med vêrmeldinger opp til 50 kilometer ut frå kysten. Varsla går i loop og oppdaterast normalt to eller tre gonger i døgnet.
  • Yr.no og andre nettbaserte vêrvarsel er tilgjengelege via satellitt og mobilt breiband.

NRK har spurt ei rekke aktørar innan fiskeri, forsking, sjøfart og forsvaret om det er behov for sendaren. Ingen av desse har meldt behov for radiosendingane via Ingøy-sendaren.

Sjå også: Radiotilbud for fiskerne

NRK skal halde fram med langbølgesendingar på Svalbard. Sendaren der skal oppgraderast i 2020.