Hopp til innhold

Kven bør vinne Luttprisen?

Fredag 3. februar er det klart for utdeling av Luttprisen, årets artist frå Sogn og Fjordane. Her kan du vere med å bestemme kven som skal vinne prisane.

Luttprisen.

Årets nykommar i fjor, Gunn Kvaale, kjem til Luttprisen for å dele ut årets pris og framføre hennar eigne låtar.

Foto: Øystein Torheim

Denne gongen er det store showet flytta til Operahuset Nordfjord.

– Vi gler oss veldig til å ønskje publikum, artistar og musikkbransje velkomen til stor fest i Operahuset.

Det seier Stian Sjursen Takle som er prosjektleiar i NRK Vestland. Saman med Geir Holmen som er sjef for Operahuset Nordfjord håpar dei å fylle storsalen i kulturhuset denne kvelden.

Du kan vere med å bestemme

Det skal delast ut prisar til årets artist, årets nykommar og ein eigen bakom-pris i løpet av showet. Her kan du vere med å bestemme kven som skal få prisane.

Du kan røyste to gonger i døgnet fram til 1. februar. Prisen vert tildelt av ein fagjury saman med folkerøystene.

Nye talent og erfarne artistar

På scena kjem også ein stor bukett med artistar både frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Blant dei som skal opptre er årets nykommar frå i fjor, Gunn Kvaale frå Sogndal.

Publikum får også oppleve Teo, Aleksander Raftevold, Iselin Solheim, Oh Blonde, Odd-Erik Lothe saman med Stardalen mannskor, Misery and Company, Sara Rose, Tim Voilhat, Anita Nordheim blues n’ Groove Company og Folk Flest.

Gode minner

Det er faktisk 17. gongen Luttprisen vert delt ut. Dei siste åra har utdelinga vore arrangert i Førde, men denne gongen blir det musikkfest i Nordfjord. Medarrangørar er Operahuset Nordfjord, Malakoff Rockfestival og OnCue.

– Det er kjekt å kunne vere med å vise fram nye musikalske talent og inspirere våre nye komande stjerner til å satse, seier Malakoff-festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

– Vi har gjort så mykje flott her på Nordfjordeid opp gjennom åra. Så eg gler meg til å lage ny musikkfest, seier Sjursen Takle som trekker fram konserten med Kringkastingsorkestret i 2013 som eit høgdepunkt.

Programleiar frå Måløy

Programleiar for Luttprisen i år blir Julianne Flølo frå Måløy. Ho er radioprogramleiar i NRK og sender lokale artistar på lufta kvar dag.

– Dette blir stas! Det er viktig for oss å få fram nye artistar som vi kan spele i radioen. Eg gler meg til å vise fram denne gjengen på scena i Operahuset. Eg lovar at det blir fest, bra musikk, konfetti og ganske så god stemning, seier Flølo.

Julianne Flølo

Julianne Flølo er årets programleiar for Luttprisen i Operahuset Nordfjord.

Foto: NRK

Direkte i radioen

Luttprisen vert sendt direkte i radioen i Sogn og Fjordane fredag 3. februar klokka 20. Same dag går heile dagsendinga frå Operahuset med berre musikk frå Sogn og Fjordane på sendeplanen.

Musikkorganisasjonen Brak arrangerer også eit fagseminar for arrangørar, musikarar og festivalar denne fredagen.

Målet er å samle både publikum og dei som driv med musikk, festivalar og arrangement frå heile Sogn og Fjordane på Nordfjordeid denne dagen.

LES OG: Desse har fått Luttprisen

Prisutdeling med artistar som Kjartan Lauritzen, Alexander Pavelich, SJUR, Gunn Kvaale, Sigrid Felde, Teo, Jackbow, og Anna Naustdal på scena. Showet går direkte frå Sunnfjordsalen i Førde. Programleiar er Arianrhod Engebø.

Prisutdeling med artistar som Kjartan Lauritzen, Alexander Pavelich, SJUR, Gunn Kvaale, Sigrid Felde, Teo, Jackbow, og Anna Naustdal på scena. Showet går direkte frå Sunnfjordsalen i Førde. Programleiar er Arianrhod Engebø.