Vurderer mistillitsforslag

Hilde Onharheim (H) er sterkt kritisk til byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) si handtering etter damkollapsen i Munkebotn. Onarheim meiner det er grunn til å vurdera mistillitsforslag mot byråden, og vil ha ein ekstern gjennomgang av byrådsavdelinga si handtering av saka. Ein intern gjennomgang og politiet si etterforsking er ikkje nok, ifølge Onarheim. – Politiet etterforskar ikkje systema i byrådsavdelinga, seier Onarheim. Gruppeleiar for Ap i bystyret, Rune Bakervik, meiner ein diskusjon om mistillit på dette tidspunktet er useriøs.