Hopp til innhold

Vurderer mistillit mot byrådet

Arbeidarpartiet og SV i Bergen vil vurdera mistillit mot byrådet. Årsaka er byrådet si behandling av Giardia-epidemien.

Byråd Lisbeth Iversen rydder boss
Foto: Jo Hjelle / NRK

Fredag trekte vann- og avløpssjef Ivar Kalland seg etter knusande kritikk i den eksterne granskningsrapporten.

Men Arbeidarpartiets Terje Ohnstad meiner at det ikkje er nok at berre fagsjefen går av.

- Me vil vurdera om me også vil stilla nokon politisk ansvarleg, seier Ohnstad.

Knusande kritikk

Han meiner at ansvaret for at 6000 bergensarar fekk kraftig magetrøbbel hausten 2004 må plasserast.

Kommunen får knusande kritikk i granskningsrapporten om Giardia-epidemien, og Oddny Miljeteig i SV meiner byrådet i Bergen ikkje kjem unna diskusjonen om mistillit.

- Me meiner at byrådet altfor lett har avfeid dei spørsmåla som er blitt stilte, seier ho.

Vassjefen trekte seg

Det er først og fremst byråd Listbeth Iversen eit eventuelt mistillitsforslag kan rettast mot.

Men også byrådsleiar Monica Mæland, som har fronta saka i media og er øvste leiar, og helsebyråd Trude Drevland har eit ansvar, meiner SV.

Fredag trekte vassjef Ivar Kalland seg. Han sa at han tok det faglege ansvaret.

Terje Ohnstad meiner nokon også må ta det politiske ansvaret.

Får ikkje Frp med seg

- I eit parlamentarisk system er det dei som har det politiske ansvaret som har det største ansvaret, meiner Ohnstad.

Men Arbeidarpariet og SV klarer ikkje å velta byrådet åleine om dei skulle ønskja å stilla mistillitsforslag, og byrådets støtteparti, Frp, vil ikkje diskutera mistillit.

Gruppeleiar Liv Røssland er nøgd med byrådets innsats mot mageparasitten Giardia.

- Byrådet har teke tak i saka, og dei tek det alvorleg. Eg føler dei handterer dette på ein seriøs måte, seier ho.