Hopp til innhold

Ville ikkje flytta – starta eige selskap

Då jobbane blei flytta til Stavanger, starta Kjell Størksen og kollegaene eige selskap på Os: – Me har funne ei løysing i ein vanskeleg situasjon.

Kjell Størksen

SJEF: Inntil nyleg var Kjell Størksen tilsett i eit amerikansk oljeselskap. Han ville ikkje flytta til Stavanger, så no er han sin eigen sjef.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Det blir det første Søviknes ser når han kjem til bygda, ein logo med borerigg i.

Kjell Størksen viser kor logoen til det nystarta selskapet, 2Stabilise, skal bli sett opp.

Då arbeidsgivaren la ned avdelinga han jobba i på Straume, fekk Størksen to val. Han kunne flytta til Stavanger, eller mista jobben.

– Det var heilt uaktuelt å flytta. Stavanger er endå hardare ramma av nedgangen i bransjen, så det er ikkje noko tryggare for oss der.

Alle kollegaene er med

Då heller ingen av kollegaene hans ville ta turen sørover, tok Kjell Størksen dei under eigne venger, og starta eige selskap på Os.

– Det var ein føresetnad at eg fekk med meg kollegaene, og det fekk eg. Alle frå avdelinga blei med, seier Størksen.

2Stabilise utstyr

I LOKALA: Kjell Størksen viser fram dei gamle lokala til OS ASVO, kor selskapet hans skal halda til.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Han fortel at desse er nøkkelpersonell som han trong for å utføra framtidige jobbar, og at alle er blitt deleigarar i det nye selskapet.

– Den tidlegare arbeidsgivaren ønska ikkje å satsa på spesialfeltet vårt, som er stabilisering av røyr som går frå plattform til havbotn. Desse blir utsett for store bølgepåkjenningar, og me fjernar dei uheldige verknadane.

Stadig fleire gjer som han

Frå mai vil dei vera elleve personar i full sving. Foreløpig jobbar Størksen og kollegaene heimanfrå, men dei er allereie godt i gong, og har mottatt to kontraktar.

– Dette er utruleg kjekt å høyra. Dei er initiativrike, og ser seg om etter nye mogelegheiter, seier Anne Kverneland Bogsnes, som er fylkesdirektør i NAV Hordaland.

Det siste året har dei sett at stadig fleire gjer som Kjell Størksen og kollegaene.

Anne Kverneland Bogsnes

POSITIV: Fylkesdirektøren i NAV Hordaland synest initiativet til Størksen og kollegaene er bra.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Fleire undersøker moglegheita for å starta for seg sjølv, og mange av desse søker om etableringstilskot.

– No gir også dagpengeregelverket betre kår for å starta eiga bedrift, enn for berre eit år sidan.

Får skryt frå minister

– Me har ein olje- og energiminister frå Os, så det er litt artig å få litt offshore-relatert verksemd her òg, seier Kjell Størksen smilande.

Han og kollegaene får skryt frå denne ministeren, Terje Søviknes (Frp).

– Denne typen knoppskyting trur eg me kjem til å sjå meir av i olje- og gassbransjen i åra som kjem.

Den tidlegare Os-ordføraren synest det er fantastisk kjekt å sjå bedrifter knytt til olje- og gassnæringa i sitt nærmiljø.

– No blir eg minna på denne verdiskapinga kvar gong eg køyrer gjennom Osøyro.

Trass i tøffe tider i oljebransjen, ser Kjell Størksen lyst på framtida.

– Folk synest det er tøft å satsa no, men eg trur det vil bli ein oppsving i år, spesielt innanfor vedlikehald, som me driv med.

Olje- og energiminister, Terje Søviknes

MINISTER FRÅ OS: Olje- og energiminiseter, Terje Søviknes (Frp), seier at det er kjekt å sjå nye arbeidsplassar på Os.

Foto: Øystein Otterdal / NRK