Unge politikarar er lei av dårleg og uklart politikarspråk.
– Som politikar brukar ein mykje språk. Det er viktig å formulere seg kort og presist. «I forhold til» er eit fylluttrykk som brukast når ein ikkje har noko anna å seie. Det blir brukt alt for mykje, spesielt av toppolitikarar, meiner kommunalråd Siw-Anita Lien i Bergen Ap.
No vil den komande generasjonen heiltidspolitikarar kaste uttrykket ut av politikarvokabularet. Og om det skal brukast, skal det brukast rett.
Kamp på sosiale media
Engasjementet er stort. På sosiale media og i bystyremøte blir ein raskt sett på plass om ein brukar «i forhold til» feil. Mellom anna har Twitter-kontoen @iforholdtil, der bruk og misbruk av omgrepet blir registrert, 1600 følgjarar.
– Det er færre som misbrukar omgrepet på talarstolen i bystyret i Bergen no enn før har eg inntrykk av. Det dukkar raskt opp på Twitter om ein brukar det feil, fortel Lien.
Ho synest det er fint å bruke humor som eit verktøy for å oppnå eit betre språk.
– Det er jo blitt ganske morosamt. Språk skal vere enkelt og tydeleg. Det er viktig at folk kan forstå kva du snakkar om, seier Lien.
- Kva meiner du? Er du bland dei som irriterer deg over "forholdismen" eller bruker det feil? Bruk kommentarfeltet nedst!
– Heiltidspolitikarar er verst
– Eg trur ein del unge folk som går inn i politikken får eit litt rart språk. Plutseleg snakkar dei om «høgt fokus». Det er utruleg dårleg og slapt språk, seier Jens Kihl i Oslo SV (26).
Denne veka fekk Kihl brev frå byrådsleiaren i Oslo.
– Der var «i forhold til»-feil både i tittel og ingress. Det blir heilt meiningslaust, seier Kihl.
Han er tydeleg på korleis han håpar framtida til «i forhold til» blir.
– Vi vil drepe uttrykket, seier Kihl.
Tverrpolitisk einigheit
Det er tverrpolitisk einigheit om at «i forhold til» skal ut av den språklege verktøykassa, fortel nestleiar i Helse- og sosialkomiteen i Bergen bystyre, Morten Myksvoll i Frp.
– Ja, dette er vi einige om. Det er ikkje den store kampsaka, men språk er særs viktig som politikar. «I forhold til» skal brukast til å samanlikne noko, og ikkje som fyllord. Det forstyrrar språket og eg ei dårleg utvikling av språket, seier Myksvoll.
Det neste ordet som skal ut av vokabularet er «fokus», meiner både Lien, Kihl og Myksvoll.
– Fokus bør brukast berre når du skal fotografere, meiner Myksvoll.
Språkmote
Språkekspert Gunnstein Akselberg kjenner godt til feilbruken av «i forhold til».
– Når slike ting etablerer seg, er det fordi uttrykket først har blitt brukt feil, ulogisk eller utradisjonelt i ein bestemt samanheng. Deretter så dukkar det gjerne opp i media, og då har det ein tendens til å få fleire og fleire avleggjarar, seier Akselberg, som professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.
Akselberg snakkar om språkmote, og trekk fram både «i forhold til» og «fokusere» som noko som no er på moten.
– Bruken av det er gjerne tidsbestemt, og ord vert veldig lett moteprega. Uttrykk kan ha ein liten topp, og så kan det hende det døyr hen og blir heilt vekke igjen.
Feilen kan erstatte rett bruk
Men om det ikkje forsvinn, kan alternativet vera feilbruken går så langt at heile utrykket endrar meining. Det kan vere i ferd med å skje både med «i forhold til» og «fokusere».
– Akkurat bruken av desse uttrykka kan vere eksempel på det, at innhald og bruken av eit ord eller uttrykk vert endra.
– Dersom nok folk bruker det på ein ny måte, kan det vere at det nye innhaldet skyv det originale til side, seier Akselberg.
Han meiner språket endrar seg sjølv, og at det er feil å «gå til krig».
– Å kjempe mot språkleg utvikling er eg imot. Det er veldig vanskeleg å stoppe språk og språkutvikling.
- Kva meiner du? Er du bland dei som irriterer deg over "forholdismen" eller bruker det feil? Er kampen mot feilbruken av «i forhold til» tapt? Bruk kommentarfeltet under!