Hopp til innhold

Ho vil motivere dei aller lataste

Ungdomsskuleelevane er late og umotiverte. I Bergen møtte kunnskapsministeren opp for å prøve å gje dei gnisten tilbake.

Kristin Halvorsen

FØRSTE DAG: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen åpnet første skoledag i Bergen med en motivasjonspakke.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Første skuledag på Slåtthaug ungdomsskule i Bergen. Rektor opnar med ein tale om eigen innsats og om engasjement.

– Det er arbeidskrevjande å gå på skule, og å tileigne seg ny kunnskap. De må gjere ein innsats frå start!

Men ungdomselevane er det lataste og dei minst motiverte. Forsking syner at elevane på ungdomsskulen er dei minst lærevillige.

Kunnskapsministeren meiner valfag, flinkare lærarar og større faglege utfordringar skal gje dei gnisten tilbake.

– Gidd ikkje stresse

– Eg trur nokon tenkjer at dei kan slappe av på ungdomsskulen. Dei gidd ikkje stresse. Dei gidd ikkje gjere lekser eller øve til prøvene, seier Oda Vasshus som går i tiande klasse.

Det er jo gøyare å finne på ting med kompisar, og tenke at prøven kan vente.

Håkon Skaathun
Oda Vasshus og Håkon Skaathun

Oda Vasshus og Håkon Skaathun går begge i tiande klasse, og meiner at tida er moden for endring i ungdomsskulen.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

– Tidvis er det vanskeleg å motivere seg. Det skal eg innrømme. Det er jo gøyare å finne på ting med kompisar, og tenke at prøven kan vente, seier tiandeklassing Håkon Skaatun.

Dei to har ingen klare svar på kva ein skal gjere for å gje motivasjonen tilbake til ungdommen, men seier dei har tillit til at kunnskapsministeren har det.

– Men det er jo motiverande at ho kjem på besøk da. Det er stas, seier Vasshus.

– Vanskeleg å vere 13 år og skulle lære samtidig

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har brukt mykje tid på å snakke med ungdomsskuleelevar om kvifor dei er umotiverte.

– Heldigvis har ingen kravd ein sløvare skule! Men dei har vore veldig opptekne av å få lov til å fylgje interessene sine i større grad, seier Halvorsen.

I tillegg til dette vil regjeringa jobbe for å utvikle lærarane.

– Viss me skal få til alt dette må me òg ha gode klasseleiarar. Det er vanskeleg nok å vere 13, 14 eller 15 år og i tillegg skulle vere flink på skulen, seier Halvorsen.

Ho presenterer no nye tiltak, og åttandeklassingane på Slåtthaug er blant dei fyrste som skal få ny motivasjon.

– Me introduserer no valfag i ungdomsskulen. Det skal ikkje vere nokon fritime, men ein måte å jobbe med fag på som kan vere litt meir engasjerande.

Kan ta vidaregåande på ungdomsskulen

Halvorsen ynskjer òg no å gje nye og større utfordringar til ungdomsskuleelevar som kjedar seg på skulen, og som meiner det er for lett.

– Dei elevane som er veldig sterke fagleg og føler at dei får for lite utfordringar får no moglegheit til å fylgje vidaregåande fag medan dei går på ungdomsskulen. Samstundes skal me jobbe meir variert, meir praktisk og meir tverrfagleg med alle fag.

Korleis kan du vite at det er dette som kjem til å fungere då?

– Når ein jobbar med utdanning må ein vere tolmodig. Resultata må me vente på. Men eg merkar jo kor godt dette blir tatt imot av elevar og lærarar. Eg trur det alt har utløyst meir læringslyst, seier Halvorsen.

Er du motivert?

– Eg er det, ja! Eg har jo den mest morosame og viktigaste jobben i landet!